No skal det skje i den sørlege inngangen til Korsatunellen

I løpet av neste veke går kunstnaren Bent Erik Myrvoll i gang med sitt arbeid i den sørlege inngangen til Korsatunellen. Han vil sørge for at den får seg eit fargeløft. 

Som kunstnar er Bent Erik opptatt av å synleggjere den betydninga farge har, og han forskar på fargens fysiske kraft, og verknaden den har på oss menneske. Han har brei bakgrunn både frå biletkunsten og som medverkande i større byroms- og restaureringsprosjekt, noko som gjer han i stand til å belyse fargen frå fleire innfallsvinklar.

Fargane speglar naturen

Kunstverka han skapar kan sjåast på som fargeanalyse av naturen som omkransar byen. Havet, fjella, tang og tare, all stein og grøn vegetasjon, står i harmoni med kvarandre og må stemmast i forhold til kvarandre.

Fargeskalaene som oppstår vil vere i direkte kontakt med byromma og danne naturlege koplingar med omgivnadane. Han ser på farge som eit fysisk element, der kvar enkelt farge har sin refleksjon av lysbølger. Det er nettopp dette møtet mellom naturens klangar og byromma kunstnaren vil utforske.

Mobil utforsking

I tillegg til å skape fysiske kunstverk, vil Bent Erik også bruke fargeformer som kan flyttast rundt i byromma. Med denne mobile leiken vil kunstnaren nå over større område der han får teste ut fargen i dei forskjellige romma.

- Vi har engasjert Bent Erik for å gjøre nokre grundige fargeundersøkingar i byromma, med hovudfokus på Korsatunellen inngang sør. Han har ein heilt unik ekspertise, også i internasjonal samanheng, og vi gler oss til å sjå kva han kan tilføre desse romma, seier kurator Liv Dysthe Sønderland.

Gjennom dette midlertidige arbeidet får vi testa ut kva rolle fargar bør ha i utforminga og uttrykket i dei ferdige byromma. Det er naturleg at jugendbyen Ålesund viderefører ein bevisstheit kring fargesetting, slik både arkitektar og kunstnarar som var engasjert i planlegginga av byen var den gongen.

Om kunstnaren

Bent Erik Myrvoll har si utdanning frå Konsthøgskolan i Stockholm der han fordjupa seg i kalk-, fresko- og stucco lustro maleriet. Han var også stipendiat ved Norsk handverksinstitutt der han forska på bruk av norske pigment og kalkmineralar til bruk i fresko og kalkmaleriet.

Ved brenning av jordsmonn har kunstnaren oppnådd ein heilt særegen karbonfargeskala i pigmentform. Bent Erik har utført fleire offentlege utsmykkingar og har vore aktiv på den norske kunstscena sidan tidleg 1990-tallet.

Han har deltatt på fleire kollektive utstillingar og motteke fleire stipendier og prisar. Kunstnaren har for tida fast studieplass ved Aggregat kunstnarfellesskap der han blant anna har bygd opp ein fargelab med ein av Nordens største samling av naturlege og historiske fargepigment.

Gi ditt innspel

Målet med byromsprosjekta er å finne ut kva folk ønsker og treng i byromma, ved å samle innspel og gjennom utprøvingar, som det Bent Erik skal i gang med no. Du kan også gi dine innspel i eit eige nettskjema.

Vi ser at det er fleire som kan tenke seg meir fargar i inn- og utgangen av Korsatunnellen. Vi fått inn en del innspel, og her er nokre av dei: 

Inngangen ser mørk og lite innbydande ut i dag. God belysning, friske fargar, beplantning og "mykare" materialbruk kan gjere det til eit triveligere sted, og gjere det meir natuleg å opphalde seg der og/eller bruke tunellen. Eit anna innspel har kome om meir fargar, samtidig dempa, meir velkomment. Og eit innspel er ønske om meir fargar. Regnbuefargar/primærfargar/turkise skyar i tunellen. 

Bent Erik si utprøving, er ein del av arbeida i byromma. Du kan lese meir om heilskapen på prosjektsida. 

Ålesund kommune har fått midlar frå Byen som regional motor (BRM) og frå Kunst i offentlege rom (KORO) til å gjennomføre prosjektet.