Merkedag for reint og sikkert vatn til Ålesund, Sula og Giske

I november 2023 vart det første spadetak tatt for det nye vassbehandlingsanlegget for Ålesundsregionen. Når anlegget står ferdig, vert det ei ny tidsrekning for folk når det sikkert og reint drikkevatn. 

«Gamle» Ålesund kommune og Sula kommune har Brusdalsvatnet som einaste drikkevasskjelde. Sidan ein i tillegg berre har eitt anlegg for vassbehandling, så er drikkevassforsyninga svært sårbar. Difor bygger ein no eit nytt drikkevassanlegg i tillegg det gamle der begge anlegga kvar for seg kan greie å gi reint vatn til alle innbyggarane.

I tillegg til dagleg hovudforsyning til Sula og Ålesund er Brusdalsvatnet også vasskjelde og reservevatn for Giske. Utbygginga gjeld difor heile regionen og skal sikre nesten 70.000 menneske reint vatn. 

Ei ny tidsrekning

Prosjektleiar for Fremmerholen vassbehandlingsanlegg, Marthe Therese Strømme, seier at når det nye anlegget kjem i drift i 2026, så vert samfunnssikkerheit og beredskap mykje betre ved at ein på ein heilt annan måte enn før sikrar reint og trygt drikkevatn til folk.

-    160 år etter at Ålesund fekk sitt første vassverk er det veldig stas å få sette i gang bygging av eit nytt vassbehandlingsanlegg som vil bli ei ny tidsrekning innan drikkevassforsyning. Når innbyggarane våre er sikra med to vassbehandlingsanlegg, vil det bli som å gå frå eit einmotors til tomotorsfly.

Anlegg for framtida

Også ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, som tok første spadetak saman med Hans Olav Naas, einingsleiar teknisk i Giske og Birgitte Valderhaug frå Sula, viste til historia og kor viktig vatn har vore for utvikling av sivilisasjonar.

-    Og Fremmerholen vassbehandlingsanlegg er eit prosjekt som vil bety mykje for framtida og vere ei forutsetning for vidare utvikling av regionen vår. 

Kommuneoverlege Alexander Dalsbø Wiig drog også dei lange historiske linjene og viste til at forureina vatn var ei av årsakene til Romarrikets fall. 

-    Det er ei viktig påminning om kor viktig reint vatn er og at vi må ta vare på drikkevasskjelda vår. 

Avgjerande for næringsmiddelindustrien

I tillegg til drikkevatn til folk er reint vatn ein avgjerande faktor for den store næringsmiddelindustrien i området. Kvar einaste dag heile året leverer dagens vassbehandlingsanlegg 27 millionar liter reint vatn.  Mykje av dette blir brukt av lokale industribedrifter som produserer mat. Difor var Roger Hofseth, grunder og CEO i sjømatprodusenten Hofseth AS, invitert til å legge ned grunnstein.

Han fortalte at dei får store problem dersom dei ikkje har tilgang på reint vatn. 

 Skal vi produsere dei reine og fine produkta våre, så må vi har reint vatn.

FAKTA

  • Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Åles<und, Sula og reservevatn i Giske.
  • To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.  
  • Forventa drift av anlegget er hausten 2026.

 

Meir om vassbehandlingsanlegget finn du her. 
 

person som legg ned grunnstein - Klikk for stort bilete
Fleire personar på byggeklar tomt - Klikk for stort bilete
grunnstein - Klikk for stort bilete
grunnstein - Klikk for stort bilete
vasskaraffel - Klikk for stort bilete
diplom - Klikk for stort bilete