Kristian Roset med VR-briller.Arbeid og aktivitet i Ålesund kommune deltek no i VRINK-prosjektet, eit samarbeid mellom Ålesund kommune og NTNU som utforskar korleis VR og ny teknologi kan brukast for å styrke inkludering og deltaking.
Gjennom prosjektet har ein fått tilgang til både VR-briller, 360-kamera og fagkompetansen til VRINK-teamet.
Digitalisering av avdelingar med 360-kamera
I samband med prosjektet har Arbeid og aktivitet sett på korleis denne teknologien kan vere nyttige verktøy ved overgangar – for eksempel når nye deltakarar skal starte i eit arbeids- eller aktivitetstilbod.
- Vi er godt i gang med å lage digitale kopiar av alle avdelingane, der brukarane kan klikke seg rundt og utforske lokala i eit 360-graders perspektiv, fortel Kristian Roset, som er fagkoordinator i verksemda.
Desse digitale visningane er utvikla ved hjelp av 360-kamera og publisert på plattforma Matterport. Resultatet er detaljerte, virtuelle omvisingar som gir eit realistisk inntrykk av kvardagen i dei ulike avdelingane, forklarar han.
Besøk avdelingane virtuelt:
- Bogneset - den største aktivitetsavdelinga vår i Ålesund. Her er det fleire grupper og faste vekeplanar som gir føreseielege dagar. Avdelinga blir òg nytta på ettermiddag og kveld for personar som har heildøgnstilbod.
- Skansen arbeid og aktivitet (1) - ei produksjonsavdeling med varierte arbeidsoppgåver. Her kan det vere delproduksjon, praktiske oppgåver og oppdrag for andre verksemder/aktørar.
- Skansen arbeid og aktivitet (2) - produserer tekstilar og andre handarbeidsprodukt.
- Sydvesten- butikken vår med sal av produkt som blir laga i avdelingane. Det kan òg vere produksjon og arbeidsoppgåver knytt til butikkdrift.
Eit tryggare møte med nye omgjevnader
Med dei nye digitale kopiane kan ein «gå på besøk» utan å måtte møte fysisk opp. Dette kan vere spesielt nyttig for:
- personar som skal starte i eit nytt arbeids- eller aktivitetstilbod
- elevar i vidaregåande opplæring
- pårørande
- andre samarbeidspartnarar og deltakarar
Løysinga gjer det mogleg å utforske avdelingane i sitt eige tempo, når det måtte passe – anten på telefon, nettbrett, PC eller med VR-briller. Slik kan nye deltakarar bli kjende med arbeidsplassen på ein trygg og tilgjengeleg måte.
Arbeidet held fram i 2026
Digitaliseringa av dei ulike avdelingane i Arbeid og aktivitet vil halde fram gjennom 2026. Målet er å etablere eit komplett, digitalt kart over heile tenesta, som kan brukast både i informasjon, opplæring og mottak av nye deltakarar.
Vil du vite meir?
VRINK – Kan VR bidra til auka inkludering?
Tilrettelagt arbeid og aktivitet for menneske med nedsatt funksjonsevne