Alvikvegen og Holssletta blir stengt av i sommar

I samband med legging av vassleidning frå det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen blir Alvikvegen og Holssletta stengt av. Det blir i tillegg berre eit køyrefelt på delar av Brusdalsvegen.

vegkryss med asfalt, skilt og trafikkøy - Klikk for stort bilete

Alvikvegen har mykje trafikk og arbeidet som no krev stenging av vegen blir difor lagt til skoleferien når det er mindre trafikk både av mjuke trafikantar og bilistar. Det er planlagt stenging frå og med mandag 30. juni og fram til midten av august. 

kart med strek som viser kvar vegen er stengt - Klikk for stort bileteDen blå streken viser kva Alvikvegen er stengt av.

Dette blir gjort for å legge vassleidning frå det nye vassbehandlingsanlegget og fram til ventilhuset som no er under bygget ved Alvik-krysset. 

I sommar skal det også leggast vassleidninga vidare langs Brusdalsvegen og vestover til Gamle Skoleveg. Det skjer i grunnen under fortauet på nordsida av vegen og fortauet blir dermed også stengt i denne perioden. Akkurat kor lenge det vil vare og kor fort arbeidet går framover heng mellom anna saman med grunnforholda, om ein møter på fast fjell, må sprenge og så vidare. 

 

Frå fredag 11. juli vart også Holssletta stengt av i overgangen mellom Stykkjevegen og Holssletta, ved krysset til Gamle Skoleveg. Dette blir gjort etter krav frå vegstyresmakta og på grunn av sikkerheita til mjuke trafikantar og dei som bur i området, og for å avgrense stor gjennomgangstrafikk i eit bustadfelt. 

kartutsnitt med prikk som viser kvar Holssletta blir stengt - Klikk for stort bileteDen raude prikken viser kvar vegen blir stengt.

Stenginga vil etter planen vare til i midten av august når ein er ferdige med arbeidet i Alvik-krysset og kan opne Alvikvegen igjen. 

Det blir skilta med omkøyring via hovudferdselsårane for bilistar, og lagt til rette for gåande og syklande slik dei kjem seg forbi, og vi oppmodar folk om å følge skiltinga både for si eiga og andre si sikkerheit.

Eit køyrefelt i Brusdalsvegen

Frå onsdag 25. juni vert det berre eit køyrefelt på eit kortare strekk av Brusdalsvegen ved Alvikvegen. Det vil vere berre for ein kortare periode. 

Framover vil det bli fleire slike kortare periodar med korte strekk med berre eit køyrefelt innover Brusdalsvegen, og det første blir altså allereie frå onsdag 25. juni.

Trafikken blir regulert og det blir litt ventetid, så folk bør legge inn nokre minutt ekstra på planlagt køyretid.

Målet er at ein skal få gjort unna så mykje arbeid som råd på vegen innover mot Borgund vidaregåande skule før skulestart og trafikkmengda aukar igjen.

Meir informasjon om det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen finn du her.