
Alvikvegen har mykje trafikk og arbeidet som no krev stenging av vegen blir difor lagt til skuleferien når det er mindre trafikk både av mjuke trafikantar og bilistar. Det er planlagt stenging frå og med mandag 30. juni og fram til midten av august.
Dette blir gjort for å legge vassleidning frå det nye vassbehandlingsanlegget og fram til ventilhuset som no er under bygget ved Alvik-krysset.
I sommar skal det også leggast vassleidninga vidare langs Brusdalsvegen og vestover til Gamle Skoleveg. Det skjer i grunnen under fortauet på nordsida av vegen og fortauet blir dermed også stengt i denne perioden. Akkurat kor lenge det vil vare og kor fort arbeidet går framover heng mellom anna saman med grunnforholda, om ein møter på fast fjell, må sprenge og så vidare.
Det blir skilta med omkøyring for bilistar og lagt til rette for gåande og syklande slik dei kjem seg forbi anleggsområdet, og vi oppmodar folk om å følge skiltinga både for si eiga og andre si sikkerheit.
Eit køyrefelt i Brusdalsvegen
Frå onsdag 25. juni vert det berre eit køyrefelt på eit kortare strekk av Brusdalsvegen ved Alvikvegen. Det vil vere berre for ein kortare periode.
Framover vil det bli fleire slike kortare periodar med korte strekk med berre eit køyrefelt innover Brusdalsvegen, og det første blir altså allereie frå onsdag 25. juni.
Trafikken blir regulert og det blir litt ventetid, så folk bør legge inn nokre minutt ekstra på planlagt køyretid.
Målet er at ein skal få gjort unna så mykje arbeid som råd på vegen innover mot Borgund vidaregåande skule før skulestart og trafikkmengda aukar igjen.
Meir informasjon om det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen finn du her.