Planutvalet har i møte 01.10.2024 (sak 115/24) med heimel i §§ 4-1 og 12-9 gjort vedtak om fastsetting av planprogram for:
- Detaljregulering for næringsareal nord på Kverve, Sandvikane
I tillegg til to alternative tilkomstvegane til området, frå aust eller vest, ønsker Planutvalget at også tunnel frå sør (ved rundkøyringa mellom dagens to tunnelar) inngår i planprogrammet.
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av næringsareal for sjø- og landbasert næringsverksemd med kaier/hamneareal og tilkomstvegar nord på Kverve på Ellingsøya.
Planprogrammet set rammene for vidare regulering og dannar grunnlag for konsekvensutgreiing.
Oversiktskart med planområdet vist i raudtDokument i saka
Saksdokument i pdf-format:
Styringsmaktene som planarbeidet vedkjem og dei som har hatt merknader ved høyring vil bli underretta i eige brev.
Vedtak om fastsetting av planprogram er eit prosessleiande vedtak og ikkje eit enkeltvedtak. Det kan difor ikkje påklagast.
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning