Planutvalet har fastsett planprogram for kommuneplanen sin arealdel i Planutvalsmøte 24.06.2025, sak 097/25.
Planprogrammet gir eit rammeverk for det vidare arbeidet med arealplanen – kva tema vi skal fokusere på, kva vi treng å greie ut og ta omsyn til, korleis vi legg opp til medverknad m.m.
Følgande vedtak er gjort:
Planutvalget fastsetter med hjemmel i plan- og bygningsloven §§ 4-1 og 12-9 planprogram for kommuneplanens arealdel, Ålesund mot 2040, datert 20.05.2025.
Arealstrategien, vedtatt i kommunestyret 19.06.25, hensyntas som førende dokument, og innarbeides i utkast til ny kommuneplan.
Oversiktskart som viser dagens kommunedelplaner i Ålesund kommune
Dokument i saka
Saksdokument i pdf-format:
Komande steg i planprosessen:
- Hausten 2025 skal det gjennomførast medverknadsprosessar med innbyggarar og næringslivet i kommunen.
- Vi skal gå gjennom arealinnspel frå oppstartsfasa og vurdere kva for nokre som skal med vidare i planprosessen.
- Utforming av forslag til arealplan tek til. Planforslaget er tenkt lagt ut til høyring og offentleg ettersyn hausten 2026.
Følg med på nettsida Ålesund mot 2040 for vidare informasjon.
Vedtak om fastsetting av planprogram er eit prosessleiande vedtak og ikkje eit enkeltvedtak. Det kan difor ikkje påklagast.
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning