Vedlikehald av kommunale vegar

Her finn du kva kommune skal sørgje for ved vedlikehald av kommunale vegar.

Kven har ansvar for vegen?

  • Kommunale vegar: Drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet med tilhøyrande fortau, gang-/sykkelvegar, og nokon gang- og sykkelvegar langs fylkesvegane, blir utført av Ålesund kommune. I tillegg er det mange torg, plassar og trapper som kommunen har ansvar for
  • Fylkesvegar: Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegane i Ålesund. 
  • Riks- og europavegar: Statens vegvesen har ansvaret for riks- og europavegane.
  • Private vegar: Private vegar er det oppsittarar eller veglaga som har ansvar for å drifte og vedlikehalde.

    Huseigarar har ansvar for reinhald, måking, strøing og feiing av fortauet utanfor sin eigedom i sentrumsstrøk. Dei har også ansvar for å halde slukar og rister ved fortauet frie for lauv og anna avfall. Les meir i politivedtektene for Ålesund.

    Alle huseigarar må bidra til at vegetasjon eller snø frå eigedommen ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar.

Drift og vedlikehald av kommunale vegar

 

Meld fra om feil

Bruk meldingstenesta for å melde frå om feil eller manglar ved brøyting, renovasjon, parkering, forureining/forsøpling, vatn, avløp og kommunal veg. Du kan også følge med på saksbehandlinga av meldinga du sender inn. 

Meld om feil

 

Ansvarleg for tenesta