Alt rørleggararbeid skal gjerast av godkjent foretak som rørleggar eller entreprenør, og dei skal søke/melde inn arbeidet og få det godkjent før oppstart.
Dersom leidningsanlegget kjem inn på naboeigedommar eller bygningar, må du få løyve frå eigaren før arbeidet startar. Retten til å ha leidningar liggande på naboen sin grunn skal tinglysast hos Kartverket.
Når leidningsarbeidet er avslutta, skal rørleggar/entreprenør sende inn ferdigmelding.
Ansvarleg rørleggar/entreprenør skal levere søknader og meldingar på Entreprenørportalen.
Sist endra 26.11.2024 10.37