Dersom du merkar kloakklukt i lengre periodar, så meld frå om dette.
For å unngå lukt i bygg har sanitærreglementet for Ålesund kommune krav om vasslås, dimensjonar på leidningsnettet og krav om at alle bygg skal ha lufting over tak.
Råd ved kloakklukt i bygg:
- Får du kloakklukt i bygget, prøv først å etterfylle alle vasslås med vatn.
For å hindre at kloakklukt kjem ut frå avløpsnettet og inn i bygget, er det krav om at alle avløpsinstallasjonar skal ha montert vasslås. Vatnet i vasslåsen kan fordampe eller forsvinne. Dette gjer at kloakklukt kjem ut i rommet der utstyret/sluket er. Dersom lukta ikkje forsvinn etter at du har etterfylt vasslåsa med vatn, bør du ta kontakt med rørleggar som kan sjå nærare på kva som er feil. - Avløpsleidningane dine eller samankoplingar kan leke. Dette er ofte vanskeleg å oppdage utan rørinspeksjon eller røyktesting av avløpsnettet. Ein rørleggar kan hjelpe med dette.
- Rotter som døyr og blir liggande i bygg i lengre tid, kan lukte som kloakk. Rotter kan også gnage hol i avløpsleidningar slik at dei lek og det blir kloakklukt. Sjå kva du skal gjere rotter og skadedyr.
Sist endra 26.11.2024 10.30