Rotter og skadedyr

Rotter og skadedyr

Huseigar eller brukar av bygning og eigedom har ansvar for å sette i verk nødvendige tiltak for å førebygge, oppdage og utrydde skadedyr. 

Eigar eller brukar kan sjølv ta kampen mot skadedyr på eigedomen sin. 

Rotter på eigedomen din

Har du fått rotter på eiendommen din, bør du snarast kontakte eit skadedyrfirma.

Rotter på offentleg eigedom

Oppdagar du rotter i offentlege område, for eksempel skolegardar, parkar, friområde, gater og torg? Meld frå om feil

Slik unngår du rotteplage

Mat for fuglar og husdyr som blir liggande ute, nedfallsfrukt og open kompost tiltrekker seg rotter. Det same gjer hageavfall som blir kasta i friområde.

Brukar du rottegift skal ho leggast på ein trygg og tørr stad der verken barn, husdyr eller fuglar kan komme til. 

Ved større rotteplager i bygning rår vi deg til å kontakte skadedyrfirma. Folkehelseinstituttet har ei liste over godkjente skadedyrfirma.

Feitt og matrestar tiltrekker også rotter

Ikkje kast matfeittet ditt i vasken eller do. Det tettar røyra og held liv i rottene, som trivst i røyra.  Se fettvett.no - fettet ditt tetter rørene og holder liv i rottene.

Slik kjempar kommunen mot rotter

Ålesund kommune har ein avtale med eit skadedyrfirma for å avgrense omfanget av rotter. All kamp mot rotter i kommunal regi er utan bruk av gift. Under bakken blir det sett feller som spiddar rotta, over bakken brukar vi feller som tar livet av rotta med straum.

Lover og reglar

Til toppen