Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek jodtablettar fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år. Myndighetene anbefalar ikkje jodtablettar til personar over 40 år.
Innbyggarar mellom 18 og 40 år må sjølve skaffe jodtablettar dersom dei ynskjer det. Jodtablettar kjøper du reseptfritt på apoteket og tablettane skal berre takast etter råd fra myndighetene. Det er Kriseutvalet for atomberedskap som sender ut melding om det. Apoteka fører Jodix 130 mg.
Kommunen sitt lager
Ålesund kommune har eit lager av jodtablettar som dekker behovet for alle opp til 18 år, ammande og gravide.
Det er ikkje anledning å kontakte kommunen for å få utdelt jodtablettar. Jodtablettane som kommunen har på lager er berekna for oppbevaring der barn og unge oppheld seg på dagtid, det vil sei at dei er lagra på barnehagane og skulane.
Ved ei atomhending vil barn under 18 år få utdelt jodtablett der dei oppheld seg på dagtid. Gravide, ammande og små barn som ikkje går i barnehage vil få utdelt jodtablett på helsestasjon i opningstida, eller ein kan hente i næraste barnehage eller skule utanfor opningstid.
Utdeling av tabletter vil berre skje etter anbefaling fra Kriseutvalget for atomberedskap.
Jodtablettene kommunen har på lager er av typen Kaliumjodid Recip 65 mg, med unntak av vidaregåande skular som har Jodix 130 mg.
Bruk ditt sosiale nettverk
Mange har allereie jodtablettar heime, og i pakningane er det fleire tablettar enn det ein sjølv treng. Kan du dele med andre? Eller er det andre som kan dele med deg ?
Å sjølv ta initiativ til å dele opp forpakning er eit solidarisk og godt tiltak.
Meir informasjon