Korleis be om sletting?
Skjema for avlysing av eigarseksjonering må fyllast ut. Alle heimelshavarar må signere, og alle signaturar må vere originale. Nummer på grunnboksblad for seksjonane bør også påførast. Eventuelle panthavarar sitt samtykke må ligge føre i original form.
Dersom det ligg føre uråderett over eigedommen, må det også sendast inn samtykke til sletting fra uråderettshavar i original form.
Kva skjer vidare?
Kommunen sender kravet til tinglysing.
Etter sletting, vil det bli oppretta eit ordinært tingsrettsleg sameige, og eigedommen vil berre ha eitt grunnboksblad. Alle heimelshaverane eig då eigedommen i lag, men med kvar sin ideelle andel på bakgrunn av seksjoneringsbrøken i det tidlegare seksjonssameiget.
Dersom sameiget er registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret etter at eigarseksjonane er sletta, må sameiget sjølv hugse å sende melding om sletting til Brønnøysundregistera.
Kva koster det?
Saksbehandlergebyr for seksjonering
Skjema
Avlysing av eigarseksjonering (DOC, 24 kB)
Sjå også
Kartverket