Seksjonering av uteareal

I tilfelle der ein ønsker å ha uteareal knytt til ein seksjon, kan ein rekvirere oppmåling av uteareal. Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring med vedlagt situasjonskart, må då sendast til kommunen saman med søknad om seksjonering/reseksjonering. 

Fleire opplysningar om vilkåra for å kunne seksjonere uteareal står i eigarseksjonslova § 7.

Kven kan bestille (rekvirere)? 

Uteareal til seksjon kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i henhold til firmaattest rekvirere uteareal til seksjon, jf. matrikkelloven § 9.   

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn? 

Når kommunen har mottatt søknaden, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra er oppfylt. Dersom vilkåra er oppfylt, vil det bli sendt varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning til heimelshavar, og til berørte naboar til den aktuelle grensestrekninga. 

Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført, vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt både rekvirent og andre berørte partar.  

Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.  

Kva koster det?

Gebyr etter Matrikkellova.

Saksbehandlergebyr for seksjonering

Skjema 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring   

Lovhenvisningar 

Matrikkellova 

Eigarseksjonslova

Ansvarleg for tenesta