- Kommunal bustad er eit mellombels tilbod.
- Bustadene vert tildelt for tre år av gongen. Du kan søkja om å leige lenger dersom du fortsatt har behov for bustaden.
- Du kan søkja om bustønad frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.
Du må vere utan egna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje meistrar å skaffe deg ein plass å bu. Det at du har lav inntekt er ikkje alltid nok til å få kommunal bustad.
Ved behandling av søknadar og tildeling av kommunale utleigebustadar vert det lagt vekt på:
- Inntekts - og formueforhold:
Søkar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter som gjer søkar i stand til sjølv å skaffe egna bustad med mindre særlige grunnar føreligg. - Andre bustadverkemiddel:
Søkar som kan nyttegjere seg av andre bustadverkemiddel for å skaffe eller behalde bustad, skal ikkje innvilgast kommunal bustad. - Alder:
Søkar må vere over 18 år. Det kan gjerast unntak i særskilde tilfelle. - Butid:
Søkar skal ha ein samanhengande folkeregistrert butid i kommuna dei siste to åra med mindre særlege grunnar føreligg. Utanlandske statsborgarar må i tillegg ha lovleg opphald i landet. Det blir ikkje stilt krav om butid for flyktningar som vert førstegongsbusett i kommuna. - Noverande buforhold:
Søkar må vere utan fast eller egna bustad, eller vere i ferd med å miste sin bustad. - Helsemessige- og sosiale forhold:
Helsemessige- og sosiale forhold blir vektlagt ved behandling av søknaden. Søkarar som har omfattande bistand frå hjelpeapparatet kan tildelast bustad, så framt bustaden har betyding for eit heilskapleg tilbod og når annan bustadbistand ikkje er aktuelt. - Misleghald:
Dersom bustadsøkar har misleghaldt leigeforhold med kommuna eller misleghaldt lån frå kommuna, kan søknaden bli avslått. Det er krav om at husleigerestanse og annan gjeld knytt til kommunale buforhold skal vere gjort opp. - Oppfølgingsbehov:
Søkarar som vurderast å ha oppfølgingsbehov i bustaden for å meistre busituasjonen, kan berre tildelast bustad føresett at søkaren går inn i eit forpliktande samarbeid med kommuna. - Tidligare tilbod:
Dersom søkar ikkje har tatt imot tidligare butilbod eller annan bustadhjelp som kommuna finn egna, kan søknaden bli avslått.
Førtløpande vurdering
Alle som søkar mellom den 20. i noverande månad og 20. i neste månad blir vurdert fortløpande.
- Dei som manglar dokumentasjon får brev om å oppdatere søknad/ettersende dokumentasjon.
- Dei som er innanfor kriteria for kommunal bustad får beskjed om at dei er på ei «godkjentliste». Avhengig av tilgjengelege bustader og prioritering blant godkjente søkarar, vil ein kunne få tildelt ein bustad.
Tildelingsmøte
I slutten av kvar månad gjennomfører Ålesund kommunale eiendom (ÅKE) eit tildelingsmøte. Dine oppgitte kontaktpersonar som er nevnt i søknaden, blir kontakta for prioritering.
Tildeling av bustad
I løpet av den første veka i kvar månad, vil dei som har fått tildelt bustad bli kontakta på telefon og i brevsform.
Visning og kontrakt
Dei som har fått tildelingsbrev får beskjed om å kontakt ÅKE for visning. Om bustaden er aktuell må evt. NAV-garanti skaffast, om dette er etterspurt i tildelingsbrevet. Kontraktsmøte blir avtalt, der kontrakt med 3 års varigheit blir signert. Bustad med nøklar blir òg overlevert på kontraktsmøtet.
Treng du spesiell tilpassing på grunn av alder, funksjonsnedsetting eller andre årsakar, kan du søkja om tilrettelagd bustad.
Slik søkjar du kommunal bustad
Her kan du søkja om kommunal bustad
Skal du bu saman med nokon?
Her kan du registrére økonomiopplysningar på eventuell medleigetakar
Det er viktig at du lastar opp desse vedlegga til søknaden:
- Siste skattemelding
- Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)
- Helsedokumentasjon om du søkjar på grunnlag av helse.
Søknaden er gyldig i 3 månadar frå du får bekrefting på at den er registrert.
Dersom du treng manuell søknad: Manuell søknad (PDF, 367 kB)
Seie opp kommunal bustad
Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Du kan få hjelp på eit av Innbyggartorga om du treng det.
Her kan du seie opp den kommunale bustaden din