Husordensreglar

Når du leige kommunal bustad, har du ansvar for å overhalde husordensreglar. Husordensreglane skal bidra til at du og naboane dine trivst, og forhindre skade på eigedomen. Bur du i eit borettslag eller sameige, er det deira reglar som gjeld.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

1. Føremål

Husordensreglane skal bidra til eit trygt og godt bumiljø og forhindre skade på eigedomen gjennom orden, reinhald og god oppførsel. Bustaden må ikkje brukast på ein måte som sjenera andre. Alle leigetakarar er ansvarlege for at husordensreglane til ei kvar tid vert følgd.

2. Fellesareal, oppbevaring og avfallshandtering

Alle eigedelar skal plasserast i bustaden og/eller på tilvist stad, til dømes i bod. Gardsrom, trapperom, loft, kjellar og gangar skal til ei kvar tid vere ryddige, framkomelege og reine. Køyretøy og barnevogner skal parkerast på tilviste plassar, slik dei ikkje hindrar vanleg passasje og trafikk.

Kast hushaldningsavfall i rett container/søppeldunk som høyrer til eigedomen. Anna avfall som gamle møblar og liknande må du køyre vekk sjølv. Dersom dette vert plassert i/ved bustaden vert det kasta utan varsel og for eigar si (di) rekning.

Bebuarar må ta vare på plen, planter, benkar eller anna utstyr som høyrer til eigedomen slik dei ikkje blir skadd. Det er ikkje lov å riste tepper frå balkong/veranda.

Der det er satt opp vaskeliste skal alle som bur i oppgangen vaske gang og trapper i fellesarealet.

3. Bustaden

Bustaden skal haldast rein og ryddig, både for eigen trivsel og for bevaring av bustaden. Sørg for god lufting ved opning av vindauge og ventilar, særleg ved klestørk inne, men også elles. Ved skadeverk av manglande lufting og liknande må den enkelte bebuar dekkje reparasjonskostnadar.

Som leigetakar har du ansvar for innvendig vedlikehald av bustaden. Framleige er ikkje tillat.

4. Ro

Det skal vere nattero mellom klokka 23.00 og 07.00 og gatedør skal vere stengt. Det skal ikkje nyttast vaskemaskin eller anna utstyr som lager søy i dette tidsrom. Demp lyden av TV, radio og musikkanlegg. Nattero er eit vesentleg trivselmoment som alle bes respektere.

Vis alltid omsyn til naboane! Ikkje lag sjenerande støy som forstyrrar.

5. Dyr

Leigetakar kan berre ha dyr i bustaden når løyving er gitt av huseigar. Hundar skal alltid vere i band utanfor bustaden. Ingen dyr skal opphalde seg i fellesareal utan tilsyn. Avføring frå dyr skal plukkast opp straks og kastas i lukka pose i avfallsdunk. Dersom husdyr er til sjenanse eller skade, kan huseigar krevje at dyrehaldet vert avvikla. Det er forbod mot å mate dyr og fuglar frå veranda og/eller vindauge.

6. Brot på husordensreglar

Husordensreglane er ein del av husleigekontrakta og skal føljast. Det er oppfordra om å melde frå om brot på husordensreglane for å sikre eit godt bumiljø for alle leigetakarar.

Ved alvorlege brot på husordensreglane vil det bli sendt varsel til den det gjeld. Ved gjentakande bot og varslar vil leigekontrakta kunne bli heva.

Ansvar

Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE)