Daaetunet burettslag

Vi har kjøpt og skal selje vidare 20 omsorgsbustadar på Nedregaard i Spjelkavik. Dette er sentralt ved Moa, i nærleiken til alt ein treng i kvardagen. 

Alle omsorgsbustadane skal selgast, og dei skal organiserast i eit burettslag. Det er kommunen ved koordinering og tildeling som skal godkjenne kven som får tilbod om å kjøpe bustad. Dette er med bakgrunn i at bustadane har motteke investeringstilskot frå Husbanken, og at dei difor er tiltenkt personar som har behov for heildøgns tenester.     

Les meir om privat omsorgsbustad     

Slik blir Daaetunet borettslag

Daaetunet burettslag vil ha 20 omsorgsbustader plasserte i den ein av tre blokker i Daaetunet. Det er til saman 73 leilegheiter i dette bustadprosjektet. Bustadane skal etter planen vere ferdigstilt innan utløpet av 2024. 

Les meir om prosjekt Daaetunet

Følg prosjektet med å lage omsorgsbustadar

Leileghetene blir tilrettelagt for: 

  • Personar med utviklingshemming:   
    8 leiligheter med egen personalbase.   
  • Eldre eller andre med nedsatt fysisk funksjonsevne:
    12 leiligheter.    Bebuarane vil få ambulerande tenester/heimetenester fra nærliggande base.      

I første etasje vil det bli eit fellesareal for omsorgsbustadene. Der vil også vere eit fellesareal som er for alle som eig bustad i Daaetunet. Det er planlagt ein aktivitetskafé i dette arealet, noko som vil gjere det til ein hyggeleg møtestad for alle. 

I øvste etasje i denne blokka vil det vere tre ordinære bustader som kan kjøpast på den opne bustadmarknaden.

Om leilegheitene

Daaetunet burettslag har nye toroms leilegheiter med praktisk planløysing, og med tilhøyrande balkong. Burettslaget har ei sentral plassering ved Moa, med mange fasilitetar i nærleiken. Det er felles utandørs parkeringsplass.

Leilegheitene har mellom anna stove med open kjøkkenløysing, og utgang til eigen balkong. Kjøkkenet er frå HTH. Kvitevarer følgjer ikkje med. Vidare er det bad med opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Soverommet er romsleg,  og har direkte tilkomst   til bad. Bustaden har oppvarming med fjernvarme. 

Om burettslaget

Borettslaget består av 20 andelsbustader, fordelt på ein bygning med adresse Langelandsvegen.

Burettslaget blir ein del av Sameiet Daaetunet, som totalt blir beståande av tre bygningar og til saman 73 bustader. Kvar bustad i burettslaget har kvar si stemme i Sameiet Daaetunet. 

Støtte frå Husbanken gjer at salsprisen til bustadene er lågare enn det kommunen kjøper dei for. For at denne støtta og skal komme neste kjøpar til gode er det ei fast regulering av verdiauken på bustaden. Dette blir regulert i vedtektene til burettslaget.  

Døme på dette er at høgaste lovlege pris må ikkje overstige opphavleg kjøpesum som andelseigaren betalte for andelen, justert for 100% av utviklinga i Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks (KPI), frå andelseigaren kjøpte andelen til tidspunktet andelseigaren inngår ein bindande salskontrakt, og vidare korrigert for eventuelle påkostnader og slitasje i leilegheita.

Plantekningar

Planteikning - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete
Planteikning  - Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Planteikning - Klikk for stort bilete

Bustadkonsept

Dei som kjøper bustad, kan velje mellom to bustadkonsept. Eigne, mindre tilval er også mogleg.

  • Bustadkonsept 1: Morgenbris
Bilete av blomar og interiør - Klikk for stort bilete
Fargekart - Klikk for stort bilete
  • Bustadkonsept 2: Ro
Bilete av blomar og interiør - Klikk for stort bilete
Fargekart - Klikk for stort bilete

Pris

Totalpris per leilegheit er 2 760 000,- kroner.
    
Fordeling:     
•    Privat finansiering, per bustad: kr 760 000,-
•    Felles lån i borettslaget, per bustad: kr 2 000 000,-

Månedlege kostnadar

Pårekna   månadlege kostnad privat lån (3% rente) er kr 2 500,- per måned.

Pårekna    månadlege felleskostnadar for burettslaget er 7 500,- kroner per månad. Det dekker følgande:

  • Renter og avdrag på felles lån
  • Bygningsforsikring
  • Vedlikehald
  • Drift av burettslaget
  • Kommunale avgifter
  • Trappevask
  • Internett og TV

Kven gjeld tilbodet for?

Omsorgsbustadane i Daaetunet burettslag er for:

  • Eldre eller andre som har ei fysisk funksjonsnedsetting, og personar med utviklingshemming.   
  • Dei innanfor desse målgruppene som har behov for tenester til ulike tider i løpet av heile døgnet.    

Meld interesse

Det er koordinering og tildeling som skal tildele bustadene og godkjenne kven som får kjøpe. Det blir lagde vekt på både behov for tenester som den enkelte har, men også det å sørge for eit godt bumiljø.

Søk om å få kjøpe omsorgsbustad

Ansvarleg for tenesta