Privat omsorgsbustad

Ein privat omsorgsbustad er ein fysisk tilrettelagt bustad du kan kjøpe dersom du på grunn av alder, sjukdom, nedsett fysisk funksjonsevne eller utviklingshemming har behov for tilrettelegging.

Omsorgsbustadene er vanlege leilegheiter, samtidig som dei er fysisk tilpassa og utforma slik at bebuarar kan ta imot ulike tenester heime på ein god måte. Her kan bebuaren meistre kvardagen og leve sjølvstendig i eigen heim.

Nokre omsorgsbustader har personalbase i same bygg som bustadene, medan andre har ambulerande tenester frå personalbase i nærleiken.  

Kven kan kjøpe omsorgsbustad?

Alle omsorgsbustadene har fått investeringstilskot frå Husbanken for oppføring, og kommuna må difor godkjenne kven som får kjøpe dei. På den måten sikrar vi at rimelige og gode omsorgsbustader går til dei som har behov for det.

Målgruppa er personar som på grunn av alder, sjukdom, nedsett fysisk funksjonsevne eller utviklingshemming, har behov for tilrettelegging og tenester til ulike tider i løpet av heile døgnet.  

Pris

Bustadene er organisert i eit eige burettslag. 

Investeringstilskotet frå Husbanken gjer at salsprisen til bustadene er lågare enn det kommuna kjøpte dei for. For at denne støtta óg skal kome neste kjøpar til gode, er det ei fast regulering av verdiauken på bustaden. Dette blir regulert i vedtektene til burettslaget.

Sjå prospekt av private omsorgsboligar for salg

Søknad

Det er koordinering og tildeling som skal godkjenne kven som får kjøpe omsorgsbustad. Det blir lagt vekt på behovet for tenester som den enkelte har, samtidig som dei skal ha fokus på eit godt bumiljø.

Søk om å få kjøpe omsorgsbustad 

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål angåande kjøp av privat omsorgsbustad, ta kontakt med Elisabeth Løvland Sund.

Vi gjer merksam på at vi ikkje tek imot søknader på e-post.

Ansvarleg for tenesta