Vi har alle eit ansvar for å halde orden rundt eigne bossdunkar og på eigedommen vår. Det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til ulempe for miljøet. Om det ikkje er sett opp felles bossdunkar akkurat der du ferdast, må du ta med bosset heim eller finne ein bossdunk ein annan stad. Vi må alle sørge for å frakte grovboss som kasserte møblar, bygningsavfall, bilvrak og kvitevarer til den næraste gjenvinningsstasjonen eller anna godkjend mottak.
Visste du at hageplanter som spreiast i naturen er ein trussel mot naturmangfaldet? Mens dei ser fine ut i hagen, kan hageplantar skape problem når dei kjem på avvegar. Det er ikkje tillate verken å brenne hageavfall i Ålesund kommune eller å dumpe hageavfall. Hageavfall kan leverast til dei fleste miljøstasjonane utan kostnad. Les meir om uønskte planter og handtering av hageavfall
Drivar av kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel o.l. har ansvar for å sette opp og tømme søppelkasser i nærleiken av salsstaden. Den som er ansvarleg for arrangement på offentleg stad skal sørge for nødvendig opprydding ved at avfall blir fjerna under og etter arrangementet.
Offentleg ansvar
Innsamling av hushaldningsavfall er det Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap (Attvin) som har ansvaret for. Ålesund kommune og Attvin ryddar rundt offentlege returpunkt på sentrale stadar i kommunen.
Les meir om Attvin og hushaldsrenovasjon.
Ålesund Parkering AS har ansvar for å fjerne etterlatne bilvrak på offentleg stad.
Kommunen har ansvar for å følgje opp:
- Ulovlege bossplassar (villfylling) og anna forsøpling på privat og offentleg grunn. Kommunen må då kjenne til kven som er ansvarleg for forsøplinga.
- Rydding av kommunal veg, veggrøfter og vegskråningar.
- Oppsetting og tømming av søppelkasser langs kommunal veg utanfor tettbygd strøk.
- Oppsetting og tømming av søppelkasser og anna rydding knytt til parkar, friområde, utfartsstadar, badestrender osb. på kommunal grunn.
- At drikkevasskjelder ikkje blir utsett på forureining.
Aktuelt lovverk
Politivedtekter for Ålesund kommune
Forurensingsloven
Forskrift om miljørettet helsevern
Ønsker du å bidra sjå her: