Ungdomsklubben Kvalen vart opna i september 2006 og er eit fritidstilbod for ungdom i alderen 13 - 18 år (ungdomsskule og vidaregåande). Bakgrunnen for bruk av namnet Kvalen, er at ungdomsklubben frå start i 2006 og fram til 2019 hadde tilhaldsstad i gamle Kvalheim (Kvalstasjon på Harøy).
Ungdomsklubben vart i 2020 flytta til nye lokale og inneheld i dag:
- Opphaldsrom for 10 klasse og eldre
- Danserom med musikkanlegg
- Airhockeyrom
- Kafe / kiosk
- Bordtennisrom
- Datarom
- Kreativt arbeidsrom
- Fellesrom for playstation, Xbox, dart, fotballspel og brettspel
Formålet med Kvalen er å gje ungdom i kommunen ein tilhaldsstad og møteplass uavhengig av organiserte aktivitetar. Alle aktivitetar skal vere kjønns - og religionsnøytrale og det skal ikkje koste pengar å delta på vanlege Kvalenkveldar eller på arrangement.
Utstyr i klubblokalet:
Datamaskinar, bordtennis, airhockey, biljard, fotballspel, dart, PS3 og Xbox. I tillegg er det diverse utstyr og materiale til kreative aktivitetar til dømes symaskinar, garn, staffeli og maling m.m.
Kontakt
Det er foreldre til elevar i 8 klasse på Harøy skule som vert satt opp som vaksenvakter på ungdomsklubben gjennom heile skuleåret.