Ungdomsprogrammet
Alle ungdomar skal delta på ein workshop. Dei kan velgje mellom desse 4:
- Urban Farming
- Havet som beredskapsressurs
- NOVU-veggen (kunst og kultur som mobilisering)
- Media (media speler ei viktig rolle i demokratiet)
Det er ei rekke andre aktivitetar for ungdomane, både sentrumsrebus, besøk på Kaoskollektivet på Moa , møte mellom ungdomane og politikarane, dagsutflukt til Ona og det heile kuliminerer siste dagen med presentasjon av det dei har jobba med i workshopane, før det blir fin fest og god mat med Nordisk aften.
Program for politikarane og administrasjonen
Her vert det besøk på Aalesunds museum, synfaring i ytre bydel med både Osane, Hessa skule og Ringgata leikeplass på programmet. Det blir besøk på Moa, både Kaoskollektivet, Moa bibliotek og Moa kultursenter står på programmet. Ei byvandring får vi tid til. Det er viktig å tilbringe tid med ungdomane for erfaringsutveksling og drøftingar. Difor skal vi ete lunsj med ungdomane kvar dag, ha drøftingsmøter og oppleve presentasjonane av Workshops som ungdomane skal ha. Det blir felles dagstur til Ona på onsdag.
Ein viktig del av politikarprogrammet er erfaringsutveksling, der alle landa presenterer korleis dei arbeider med eit gitt tema. Det er også ein tradisjonell offisell middag som vert halde av kultursjefen.
Siste kvelden vert avrunda med Nordisk aften, saman med ungdomane