Saman skaper vi tryggleikNatteravnane har lang tradisjon i Ålesund, og er kjende i bybildet laurdagskveldar og i samband med russetid og festivalar. Natteravnane er frivillige som ønsker å bidra til at ungdom skal vere trygge der dei ferdast på kveld og natt.Som natteravn får ein moglegheit til å få innblikk i sine barn og deira venner eller klassekameratar si verd utanfor heimen, og ein får kjennskap til kva ungdommen er opptatt av. Det er ikkje berre foreldre som er natteravn, alle over 20 år kan vere med. Å ha natteravnar i bybildet er i seg sjølv førebyggande. Synlegheita deira kan dempe situasjonar som elles kunne ha eskalert, utan at dei treng å gripe inn. Natteravnane er medmenneske, og spelar ei heilt anna rolle enn politi og naudetatar. Kort om det å vere natteravnNatteravnane går alltid i grupper på minst tre personarEin må vere over 20 årI Ålesund har vi natteravnvandringar i helgar frå rundt klokka 23.00 – 03.00. I tillegg har vi vandringar ved større arrangement og merkedagarDette er eit frivillig oppdrag, og ein bestemmer sjølv kor ofte ein er med på vandringI løpet av vandringa får ein nattmat på ein restaurant eller eit hotell i sentrumNatteravnar er ikkje ei erstatning for politi, vektarar eller helsepersonellNatteravnane si rolle er å observere og tilkalle hjelp dersom det er nødvendig, ein har eit tett samarbeid med politietBli natteravnDu kan melde deg som Natteravn via aktivitetskalenderen Friskus:Meld deg som natteravnSjå ogsåDu kan lese meir om Natteravn-ordninga på nettsida www.natteravn.noKontaktÅlesund frivilligsentralE-post: alesund.frivilligsentral@alesund.kommune.noTelefon: 945 22 775 Ansvarleg for tenesta Frivilligsentralen FrivilligsentralenFrivilligsentralen Sist endra 15.03.2023 14.05