I Ålesund kommune finst det mange måtar å engasjere seg på. Å vere frivillig kan gi deg nye opplevingar, nye kontaktar og høve til å bruke interessene og ressursane dine på ein god måte.
Det finst oppgåver og aktivitetar for ulike interesser, livssituasjonar og nivå av erfaring.
Kven kan vere frivillig?
Frivillig arbeid passar for mange. Du kan vere frivillig dersom du:
- ønskjer ein meir aktiv og sosial kvardag
- vil bli kjend med nye menneske
- har tid og lyst til å engasjere deg i noko du er interessert i
- er pensjonist og ønskjer meir innhald i kvardagen
- er ung og vil få erfaring og møte andre
- er arbeidssøkjar og ønskjer å bruke tida på noko positivt og meiningsfullt
- ønskjer å vere del av eit fellesskap
Du treng ikkje å ha spesielle forkunnskapar for å vere frivillig. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med og bidra på din måte.
Korleis bli frivillig?
Det finst fleire måtar å kome i gang på:
Ta kontakt med lag og foreiningar
Mange lag, foreiningar og organisasjonar i Ålesund ønskjer fleire med i aktivitetar og frivillig arbeid. Du kan ta direkte kontakt med nokon i nærmiljøet ditt.
Sjå oversikt over lag og foreiningar i Ålesund
Finn frivillige oppdrag i Friskus
I Friskus finn du aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag i Ålesund. Her kan du sjå kva som skjer og finne noko som passar for deg.
Sjå frivillige oppdrag i Friskus
Ta kontakt med ein frivilligsentral
Frivilligsentralane kan gi råd dersom du er usikker på kva du ønskjer å bidra med.
Finn din næraste frivilligsentral
Finn aktivitetar og frivillige oppdrag i Friskus
Friskus er aktivitetskalenderen til Ålesund kommune. Her finn du aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag samla på éin stad.
Lag, organisasjonar og andre arrangørar kan bruke Friskus til å annonsere tilbod, nå ut til fleire og rekruttere frivillige. For deg som innbyggjar gjer Friskus det enklare å finne noko å vere med på.
Friskus er gratis å bruke og fri for reklame.
Friskus Ålesund