SPIRE er eit samarbeidsprosjekt mellom Ung i Ålesund og Momentium v/ T2 og Terminalen Byscene. Prosjektleiar frå Momentium er Geir Lervåg, og med-prosjektleiar frå kommunen er Karina Sundby frå Ung i Ålesund. Vil du bli Spire-ambassadør?
Om Spire
Prosjektet vart skapt i 2018 etter ønske frå unge under 18 år om fleire gode konsertopplevingar på same nivå som dei over 18 år har tilgang til, men innanfor trygge, rusfrie rammer. Det måtte dessverre ta ein pause under pandemien, saman med resten av underhaldningsbransjen i Noreg, men starta opp igjen for fullt i 2023. I dag er det (så vidt vi veit) berre eitt liknande prosjekt i Noreg, det heiter Yngling og er i tilknyting til Parkteateret i Oslo.
Spire har som mål å ta med engasjerte ungdommar "bak scena" og gi dei eit innblikk i ein del av underhaldningsbransjen ein sjeldan får sjå. Ambassadørane (ungdommane) får mellom anna bli med på besøk i Ocean Sound Recordings, og vere vertskap under Spire-konsertar på Terminalen og T2. Det inneber også at dei ofte får møte artistane og bandet, hjelpe til med merch-stand, rigge til konserten, skyggje artistverten, styre Spire sine sosiale medium, bidra på lyd og lys, og mykje meir!
Dei får også ta del i utviklinga av sitt eige tilbod ved å komme med forslag til artistar, arrangement og workshops, og deretter vere med i planlegginga, gjennomføringa, og evalueringa av all aktivitet.
Nettopp fordi dette er eit tilbod retta mot ungdom under 18 år har vi ekstra fokus på tryggleik. Det er derfor færre billettar og fleire vakter på konsertane vi arrangerer. I tillegg er det nulltoleranse for rus. Målet vårt er at alle ungdommar skal kjenne seg trygge på arrangementa våre, og alle foreldre skal kjenne seg trygge på at deira ungdom blir vareteken hos oss.
Fleire av dei engasjerte i Spire og UKM har oppdaga ein lidenskap for anten live-teknikk, fotografi, konferansierrolla, vertskapsrolla, arrangøransvar, eller andre ting som høyrer med i prosessen rundt ein konsert eller eit arrangement. Fleire har enda opp med læreplass, jobb, eller andre moglegheiter pga engasjementet dei har vist som ambassadør, og det er ein ypparleg arena for all ungdom som er interessert i konsert og underhaldning!
Vi er uhyre stolte over å kunne vere ein brubyggjar mellom ivrig ungdom og det kreative næringslivet, i tillegg til å gi ungdom i Ålesund og omland eit profesjonelt konsert- og arrangementstilbod med trygge rammer!
Se meir på nettsida til SPIRE