Student i Ålesund

Ålesund er universitetsbyen på Nordvestlandet, med studentar frå heile landet og verda. Kommunen jobbar aktivt for at du skal trivast, studere og ønskje å bli verande etter studietida.

Gratis reisekort til studenter

Student og tilflyttar? Om du melder flytting kan du få reise gratis med buss og hurtigbåt i heile fylket. 
Sjå om du kan få reisekort! 

 Glad passasjer på bussen

Studentbyen Ålesund

Ålesund er ein attraktiv universitets- og studentby med studietilbod innan teknologi, maritime fag, helse, kunst og kreative fag. Kommunen arbeider aktivt for at studentar skal trivast og ønskje å bli verande i regionen etter studietida.

Ålesund kommune er ein stor arbeidsgivar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. Her kan du bli mer kjent med Ålesund kommune, og her kan du sjå korleis vi jobbar med å utvikle kommunen vår.   Kanskje du vil jobbe hos oss, eller få praksis- eller læreplass?

I Ålesund finn du desse studiestadene for høgare utdanning: 

Vi tar vertskapsrolla på alvor og ønsker å bidra aktivt til å utvikle Ålesund som universitets- og studentby. Sjå vår plan for utvikling av Ålesund som universitets- og studentby (studentmeldingen)

Velferd og kommunale tenester

Studentsamskipnaden (Sit) skal bidra til at studentane skal trivast i Ålesund. Sit har mange tilbod til medlemmene sine mellom anna bustadformidling, trening, kantine og rådgiving. Sjå nettsida til (Sit).

Som student kan du ha behov for fleire av dei same tenestene som andre innbyggjarar. På nettsidene til Ålesund kommune finn du informasjon om alt frå bustad, barnehage og helsetenester til kulturtilbod, frivilligheit og andre tilbod i lokalsamfunnet. 

Studentlivet i Ålesund

Korleis er det å leve, bu og jobbe i Ålesund? Det kan du finne ut meir om på sidene:

Slik kommer du deg rundt 

Å nytte deg av kollektivtilbodet i kommunen er ein grei måte å kome seg rundt på. Hos frammr.no vil du finne reisehjelp, dei har og ein app for kjøp av billettar til både buss og båt. Du kan også få tips til aktuelle dagsturar med hurtigbåt og buss. Skal du ta  flybussen er det eit eige tilbod som driftast av Vy. 

Ålesund er ein kompakt by der mykje ligg innan gang- eller sykkelavstand frå campus, sentrum og studentbustadene. Få tips til sykkel- og turruter i Ålesund

Om du har eigen bil har Ålesund Parkering informasjon om parkeringsplassar, betaling og elbillading.

Hald deg oppdatert på kva som skjer i Ålesund

Følg Ålesund kommune på Facebook, Instagram og LinkedIn for nyheiter, arrangement og aktuelle saker frå kommunen.