Vil du bidra i natur og friområde?

Ålesund kommune ønskjer frivillig innsats velkomen. Før du set i gang, er det viktig å vite kva omsyn som må takast for å unngå skade på natur, fugleliv, vassdrag og andre viktige verdiar.

Kort fortalt

  • Du kan gjerne bidra med rydding og andre enkle tiltak i naturen.
  • Større tiltak må avklarast med kommunen før arbeidet startar.
  • Natur som ser «ubrukt» ut, kan vere viktig for naturmangfald, flaumvern, vassmiljø og friluftsliv.

Ålesund kommune set stor pris på innbyggjarar, lag og foreiningar som ønskjer å ta vare på naturen og nærmiljøet sitt. 

Frivillig innsats bidreg til trivelege nærmiljø, gode naturopplevingar og auka engasjement for fellesområda våre.

Samtidig kan natur- og friområde ha verdiar som ikkje alltid er synlege. Eit område som ser attgrodd eller lite brukt ut, kan vere viktig for fuglar, insekt, fisk, naturmangfald, flaumdemping eller friluftsliv.

Dette kan du som regel gjere utan å kontakte kommunen

Du treng normalt ikkje avtale med kommunen dersom du:

  • plukkar søppel på tur
  • deltek i organiserte ryddeaksjonar
  • ryddar mindre mengder eigarlaust avfall
  • melder frå om framande artar
  • melder frå om forsøpling, skadar eller manglar i friområde

Dersom du samlar inn større mengder avfall, må avfallet leverast og handterast på ein forsvarleg måte.

Før du startar eit tiltak

Før du planlegg arbeid i natur eller friområde, bør du undersøkje:

  • Kven eig området?
    Tiltak må avklarast med grunneigar. Grunneigaren kan vere kommunen, staten, eit burettslag, eit veglag eller ein privat eigar.
  • Ligg området i eller nær eit verneområde?
    I verneområde gjeld eigne reglar for kva som er tillate. Dette kan omfatte rydding av vegetasjon, felling av tre, bygging, skilting eller andre inngrep.
  • Kan tiltaket påverke naturmangfald, fugleliv eller vassmiljø? 
    Mange område har registrerte naturverdiar eller fungerer som leveområde for artar som det skal takast særlege omsyn til. Rydding og andre inngrep kan forstyrre hekkande fuglar eller øydeleggje reir og leveområde.
  • Ligg området nær bekk, elv, vatn eller sjø?
    Natur langs vassdrag er viktig for fisk, fuglar, insekt, vasskvalitet, flaumdemping og erosjonssikring.
  • Er du usikker på om tiltaket bør avklarast?
    Dersom du er usikker eller finn forhold som kan krevje særlege omsyn, bør du kontakte kommunen før du startar arbeidet.

Kvifor må enkelte tiltak avklarast?

Vegetasjon, tre og natur kan ha viktige funksjonar som ikkje alltid er synlege.

Dei kan vere viktige for:

  • naturmangfald
  • fugleliv og hekkeområde
  • pollinerande insekt
  • vassmiljø og fisk
  • vern av vassdrag
  • flaumdemping
  • erosjonssikring
  • karbonlagring
  • klimatilpassing
  • landskapsopplevingar
  • friluftsliv og naturopplevingar

I tillegg kan det vere lover, planar og andre føringar som gjeld for området. Kommunen må mellom anna vurdere omsyn knytte til plan- og bygningslova, friluftsliv, verneområde, statleg sikra friluftsområde, vernskog og teknisk infrastruktur.

Velmeintee tiltak kan derfor få uønskte konsekvensar dersom dei blir gjennomførte utan tilstrekkeleg kunnskap om området.

Kva ønskjer du å bidra med?

Korleis melder du inn eit tiltak?

Dersom du ønskjer å gjennomføre eit tiltak i eit kommunalt natur- eller friområde, ber vi om at du tek kontakt med kommunen før arbeidet startar.

For at vi skal kunne vurdere tiltaket raskt, er det nyttig at du opplyser om:

  • kva du ønskjer å gjere
  • kvar tiltaket skal gjennomførast (adresse, kartlenke eller bilete)
  • kven som står bak tiltaket (person, lag eller foreining)
  • omfanget av arbeidet
  • når arbeidet er planlagt gjennomført
  • om det er behov for maskiner, massar, planting eller bygging

Legg gjerne ved:

  • kartutsnitt
  • foto av området
  • enkel skisse dersom tiltaket inneber etablering av sti, benk, gapahuk eller liknande

Kva skjer vidare?

Kommunen vurderer om tiltaket:

  • kan gjennomførast som omsøkt
  • krev nærare avklaringar
  • må tilpassast for å ta omsyn til naturmangfald, vassdrag, fugleliv eller andre verdiar
  • krev løyve etter anna regelverk

Ved behov vil kommunen innhente vurderingar frå relevante fagområde før tiltaket kan gjennomførast.

Ansvarleg for tenesta