Felle, fjerne eller beskjere tre

Ønskjer du å felle eller beskjere tre på kommunal grunn, må du søkje om løyve først. Her finn du informasjon om korleis du går fram.

Kort fortalt: 

  • Du må søkje om løyve for å felle eller beskjere tre på kommunal grunn.
  • Ulovleg felling eller beskjering kan føre til krav om erstatning eller gjenplanting.
  • Gjeld saka tre på privat eigedom, må ho løysast mellom grunneigarane etter nabolova.

Når må du søke?

Denne sida gjeld tre på kommunale areal.

Dersom du er nabo til tre på kommunal grunn som du meiner er til skade eller ulempe, kan du søkje om å få trea felte eller beskorne.

Det er ikkje tillate å felle eller beskjere tre på kommunale areal utan løyve frå kommunen. Ulovleg felling kan bli meldt til politiet. Kommunen kan òg krevje gjenplanting eller erstatning.

Har du spørsmål om tre på privat eigedom, må du ta kontakt med grunneigaren. Dersom de ikkje blir einige, kan du finne rettleiing i nabolova.

Slik søker du 

  1. Fyll ut søknadsskjemaet
    Fyll ut og send inn søknadsskjema for hogst og rydding på kommunal grunn. For at vi skal kunne behandle søknaden raskt, er det viktig at opplysningane er så fullstendige som mogleg.

    Søk om hogst og rydding på kommunal grunn 
     
  2. Marker området på kart
    Legg ved eit kart som viser kva tre eller vegetasjon søknaden gjeld. Du kan hente kart frå GeoInnsyn og markere trea eller området du ønskjer å få fjerna eller beskore.

    Du kan også legge ved bilete. Gode bilete kan i nokre tilfelle erstatte synfaring og bidra til raskare behandling av saka.
     
  3. Varsle naboene
    Før du sender inn søknaden, må du varsle naboar som grensar til det aktuelle området. I søknaden skal du oppgi namn og adresse til dei berørte naboane, og om dei støttar eller er ueinige i søknaden.

    Bruk nabolisten til søknad om hogst og rydding (DOCX, 8 kB).

Korleis vurderer vi søknaden?  

Når vi behandlar søknaden, vurderer vi mellom anna om treet skaper vesentlege ulemper eller utgjer ein fare. Vi ser også på treet si betydning for nærmiljøet, naturmangfaldet og landskapet, samt omsynet til naboar og andre brukarar av området.

Vi vurderer søknaden etter gjeldande lovverk, mellom anna nabolova, plan- og bygningslova og naturmangfaldlova.

Felling av tre kan vere aktuelt  

  • når treet utgjør akutt fare for skade på person eller eigedom på grunn av treets tilstand eller plassering. 
  • når treet kastar skugge på store deler av hagen, terrassen eller balkongen, eller er årsak til lite lys i huset. Ettermiddagssola blir vanlegvis sett på som viktigast. 
  • når treet har mista sin funksjon eller estetiske verdi på grunn av skade, sjukdom eller liknande.

Felling av tre er ikkje aktuelt  

  • for å oppnå betre utsikt frå enkelte tomter. 
  • for å minske nedfall av lauv og nåler. 
  • fordi det ikkje var tre der då du flytta inn eller og trea har blitt større i denne tida. 
  • dersom treet berre skuggar på mindre delar av eigedommen eller i korte periodar.

Når får du svar? 

Du får normat svar innan to månader. 

Dersom vi treng meir informasjon eller må gjennomføre ei synfaring, tek vi kontakt med deg.  

Avgjerda er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslove og kan dermed ikkje klagast på.

Når kan arbeidet utførast?   

For å ta omsyn til hekkande fuglar blir det normalt ikkje gitt løyve til felling i perioden frå 1. april til 15. juli.

Tiltak på kommunal grunn blir vanlegvis gjennomførte i løpet av hausten og vinteren.

Kven utfører arbeidet?

Dette vil stå i svarbrevet.

Vanlegvis får du søkaren løyve til å utføre arbeidet sjølv og behalde veden. Då må området ryddast etterpå. 

Den som utfører jobben må ha nødvendig kompetanse og utstyr, og ansvar for å trygge seg sjølv og omgjevnadane. 

I nokre tilfelle vil vi i kommunen utføre arbeidet, til dømes med omsyn til tryggleik eller dersom treet krev fagleg beskjering.

På  aral som kommunen sjølv driftar, slik som parkar, leikeplassar og balløkker, er det kommunen som utfører arbeidet. 

Kostnader 

Det er som hovudregel søkaren som dekker kostnadane for tiltaket, så framt ikkje anna blir avtalt. 

Dersom nødvendig opprydding ikkje blir gjennomført, kan kommunen krevje dekning av kostnadene.

I nokre tilfelle dekker kommunen kostnadane, til dømes når tre må fellast av tryggleiksomsyn.

Meld frå farlege tre

Dersom du meiner eit tre på kommunal grunn er til fare eller skaper problem, kan du melde frå til kommunen.

Meld frå om feil og manglar

Dersom treet utgjer umiddelbar fare, skal du kontake naudetatene på telefon 110. 

Nyttige lenker

Ansvarleg for tenesta