Slik kan du bidra til eit reinare nærmiljø
- Finn ein ryddeaksjon på ryddenorge.no eller i appen Rydde.
- Arranger din eigen ryddeaksjon saman med familie, venner eller kollegaer.
- Kontakt Attvin for ryddeutstyr og levering av avfall.
Bli med på Rusken
Rusken er ein årleg ryddeaksjon der velforeiningar, grendalag, skular, barnehagar og andre frivillige kan bidra til ein rein og triveleg kommune ved å rydde eigarlaust avfall langs vegar, stiar og i friområde.
I Ålesund er aksjonsperioden vanligvis i slutten av april til midten av mai. Avfallet blir henta av Attvin etter avtale og i samband med ordinær renovasjonsrute.
Les meir om Rusken og korleis du melder inn henting av avfall på attvin.no.
Delta på nasjonale ryddeaksjonar
Gjennom nasjonale ryddeaksjonar som gjer det enkelt å bidra til ein reinare natur. Alle kan vere med, enten ved å delta på ein organisert aksjon eller ved å arrangere sin eigen.
Vårryddedagen blir arrangert kvar vår og har som mål å fjerne søppel frå naturen før hekkesesongen og før ferdselsforbodet trer i kraft i mange kystområde
Strandryddeveka er Noregs største nasjonale ryddedugnad og blir arrangert kvar haust, vanligvis i september.
Slik kan du bidra:
- bli med på ein ryddeaksjon i nærmiljøet ditt
- arrangere ein ryddeaksjon saman med familie, venner eller kollegaer
- rydde langs strender, elvar, innsjøar, stiar og i byrom
Sjå oversikt over ryddeaksjonar i kalenderen på holdnorgerent.no eller på ryddenorge.no
Søk refusjon for ryddekostnader
Har du hatt utgifter i samband med frivillig opprydding av marint avfall, kan du søkje om å få kostnader dekt gjennom Hold Norge reint si refusjonsordning.
Adoptér ein bit av Norge!
Min bit av Norge er ei nasjonal ordning der alle kan adoptere ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag eller eit anna område i nærmiljøet sitt og ta vare på dette gjennom å rydde jamleg og førebyggje slitasje og forsøpling. Adopsjonsgruppa – som kan bestå av alt frå 2 til 100 personar – forpliktar seg til å regelmessig rydde opp forsøpling langs eit fast område og registrere det ein finn på ryddenorge.no
Barnas søppelvettregler
Oppdater deg på søppelvitreglane til barna og andre søppelvitreglar på holdnorgerent.no