Ny i ÅlesundEr du ny i byen eller planlegg du å flytte Ålesund? Du er uansett hjarteleg velkomen hit! Vi har valgt ut nokre nettsider som vi tror du da kan ha ekstra nytte av. LeveKajakkpadling under Skodjebroene.Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim. Sjå fakta om Ålesund. Kvifor flytte hit? I serien Derfor flyttet vi til Ålesund (bypatrioten.com) kan du lese om andre som har funnet sitt drømmeliv akkurat her. Bypatrioten fortel om livet frå fortauskanten og har ein kalender som viser kva som skjer i byen.På Destinasjon Ålesund & Sunnmøre kan du sjå kor flott det er her og kva du kan utforske i regionen vår. Du finn også inspirasjon på bo.visitmr.com. På våre sider om friluftsliv og natur finn du informasjon om plassar for tur, leik, trim, friluftsliv og rekreasjon. På Friskus aktivitetetskalender finn du oversikt lag og organisasjoner sine tilbod. Der kan du også melde deg som frivillig.Kultur og fritid i ÅlesundKultur- og fritidstilboda i kommunenKulturhus og kinoDet foregår mykje på Ålesundsbiblioteka Ung i Ålesund - for dei mellom 13 -26 årOm du er tilflyttar frå utlandetgir Ny i Norge informasjon frå offentlege styresmakter som kan hjelpe deg i den nye kvardagen din i Noreg. Barnehagar, skule og utdanningFor born har vi eit godt barnehagetilbod og grunnskoletilbod i Ålesund, og vi har en internasjonal skole for barne- og ungdomstrinnet (Aalesund International School). Og Møre og Romsdal tilbyr vidaregåande opplæring. VaksenopplæringNTNU i Ålesund Student i ÅlesundBuBrosundet sett fra sjøenBygge og bu i ÅlesundVil du bu i ei leilegheit i byen, i koselege nabofelt eller ønskjer du ein bustad med stor uteplass? Vil du ha utsikt mot fjord og fjell, eller vil du bu nært sjøen eller fjellet? Alt dette og litt til kan du få her i kommunen!Bustader til sals eller leige, eller tomter kan du finne på FINN Ålesund kommune har innimellom nokre tomter til sals Her finn du hjelp om du skal bygge bustadJobbeArbeidsmarkedetLurar du på kva som finst av spennande jobbmoglegheiter i Ålesund? Sit du på kompetanse som vi kan ha bruk for? Sjekk ut oversikta vår!Jobb hos oss i Ålesund kommuneLedige stillingar i Ålesund kommune Lokale jobbar frå FINN Lokale jobbar frå NAVNæringstuvikling og gründerar Drøymer du om å starte eiga bedrift eller har du allereie ei bedrift som du ønsker å vidareutvikle? Hjelp til å etablere og utvikle bedrift Næringsforeningen - Ålesundsregionen ÅKP - Ålesund kunnskapspark Sist endra 30.07.2025 16.08