Konserninnkjøp

Konserninnkjøp

Konserninnkjøp er Ålesund kommune sin sentrale anskaffingsfunksjon.

Konserninnkjøp gjennomfører i aukande grad anskaffingar på vegne av kommunen sine føretak og interkommunale selskap. Føretaka og enkelte av dei interkommunale selskapa har også moglegheit til å handle på kommunen sine rammeavtalar.

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre

Kommunane rundt Ålesund deltar i eit innkjøpssamarbeid, som er leia av Konserninnkjøp. 

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre består av kommunane Ålesund, Vestnes, Sykkylven, Sula, Stranda, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Samla har kommunane eit befolkningsgrunnlag på ca. 150 000 innbyggarar. 

Samarbeidskommunane får tilbod om å delta på våre rammeavtalar og får også rådgiving i innkjøpsfaglege spørsmål.

Verksemdsleiar: Kariann Bigseth

Søk etter kontaktinformasjon

Til toppen