Skarbøvik ungdomsskole

 

Skarbøvik ungdomsskole ligg heilt vest i Ålesund kommune, omlag 3 kilometer frå sentrum.

Det er ein ungdomsskole med elevar frå Aspøy og Hessa barneskole.

I skoleåret 2022-2023 har Skarbøvik ungdomsskole 251 elevar, organisert med 3 klassar på 9.- og 10. trinn og 4 på 8. trinn.

Personalet er på til saman 26 personar, organisert med rektor og assisterande rektor, merkantilt tilsett, rådgivar, sosiallærar, lærarar, assistentar og ein miljøterapeut.

Organisering av skoleveka

Skoledagane startar kl. 08.30 kvar dag og sluttar kl.14.30 måndag, onsdag og torsdag. Tysdag og fredag sluttar skolen kl.13.25. Undervisningsøktene er på 60 minutt.

Satsingsområde

«Saman for elevane»

Skarbøvik ungdomsskole er ein samansett og spennande skole med eit sterkt fokus på mangfald. Vi har tie ulike klasser fordelt på tre trinn der alle elevane våre har ulike utgangspunkt og mål for korleis deira skolekvardag skal vere hos oss. Derfor er vår visjon at elevane, ut i frå sine forutsetningar, skal «ha moglegheit til å nå så langt dei kan».

Vår profesjonalitet er definert på bakgrunn av fagleg kompetanse og relasjonskompetanse, og er såleis avgjerande for i kor stor grad vi lukkast i arbeidet med elevane. Vi har som målsetjing at vi skal vere den beste skolen vi kan vere for våre elever til ein kvar tid. Derfor samarbeider vi tett med elevrådet på skolen og FAU, som har som mantra at dersom elevane trivs er det større sjanse for at dei lykkast med å nå måla sine. Ei personleg tilnærming der dei tilsette ser elevane, og eit elevmiljø der elevane opplever at dei kan vere den dei er, skapar ein god skolekvardag.

Å sjå elevane er sjølvsagt , men å sjå dei med «det gode blikket» er å gjere ein forskjell. Det er dette vi jobbar mot.

Viktigast av alt er at vi står saman for elevane.

Helse og velferd

Sosialpedagogisk team

Det sosialpedagogiske teamet ved skolen består av: 

Rådgjevaren arbeider m.a. med yrkesorientering og overgang til vidaregåande skole, medan pedagogisk rådgjevar har eit særleg ansvar for spesialundervisninga. Saman har dei to pedagogane eit ekstra ansvar for elevane sin trivsel og den sosiale tilpassinga i skolen. Dersom ditt barn vantrivast på skolen, eller opplever at forhold i heimesituasjonen utviklar seg slik at det får betydning for skolegangen, er de velkomne til å ta kontakt med rådgjevarane.

Miljøteam

Miljøteamet blir leia av miljøterapeut Pål Silseth (mob.nr: 951 56 850). Miljøteamet har ein låg terskel for å arbeide med ulike utfordringar som elevane har. Teamet samarbeider aktivt med lærarane på skolen, og då særleg kontaktlærar, rådgjevar, pedagogisk rådgjevar og helsesjukepleiar.

Skolehelsetaenesta

Skolehelsetenesta

Kontakt

Telefon

Nettside: alesund.kommune.no/skarbovik-ungdomsskole