Kolvikbakken ungdomsskole

Ungdomsskole for elevar frå Hatlane, Volsdalen og Larsgården barneskolar.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kolvikbakken ungdomsskole har et helt nytt skolebygg som ble tatt i bruk august 2022.

Skoleåret 2022-23 har Kolvikbakken ungdomsskole ca 418 elevar, organisert med 5 klasser på 8. trinn, 5 klasser på 9. trinn og 5 klasser på 10.trinn.

Personalet er på til saman 46 personar i ulike stillingsstørrelsar, organisert med rektor og ass. rektor, tre avdelingsleiarar, spesialpedagogisk koordinator og rådgivar. Skolen har to miljøterapeutar.
Kvart trinn organiserer i stor grad eigen aktivitet og samarbeider om fag og planar.

Organisering av skoleveka

Skoledagane startar kl. 08.30 kvar dag og sluttar kl.14.10 måndag, tirsdag, torsdag og kl.14.00 onsdag og 14.15 på fredag. Undervisningsøktene er på 70 minutt.

Friminutt 10 min mellom 1. og 2. økt. Lunsjpause er ifrå 11.00 – 11.40, i denne tida har vi open kantine og elevane har tilgang til aktiviteter i gymsal, bibliotek og flotte uteareal i tillegg til klasserom, trinnareal og et stort amfi som er «hjertet» i skolen.

Satsingsområde

Vi vil arbeide for ein skole som kan førebu elevane for vidare læring og gode vaksenliv gjennom vektlegging av eit godt miljø for læring og utvikling.

Skolens visjon: Sammen bygger vi kompetanse for framtida

Satsingsområder for 2022 — 23:

  • Elevmedvirkning
  • Underveisvurdering uten karakter
  • Tilpassa opplæring
  • Aktive elevar og variert opplæring

Mål: Eleven skal ha ei aktiv deltakande rolle i eigen lærings- og utviklingsprosess. Læraren skal vera ein god rettleiar og legg til rette. Lærelyst blir fremma gjennom individuelt tilpassa opplæring og ein god vurderingsdialog. Faga får relevans for elevane gjennom variasjon, aktivitet og djupnelæring.

Helse og velferd

På Kolvikbakken ungdomsskole har vi:

  • Rådgivar: Tove Lorgen
  • Barne- og ungdomsarbeidar: Mariann Nikolaisen
  • Miljøterapeutar:  Katrine Ruth Overå
  • Spesialpedagogisk team: Består av rådgivar, spesial pedagogisk koordinator og avdelingsleiarar.
  • Sosialpedagogisk team: Består av rådgivar og miljøterapeutar, skolehelsesjukepleiarar og leiast av
    ass. rektor.
  • Leiargruppa: Består av avdelingsleiarar, ass. rektor og rektor.

Skolehelsetenesta

Helsesjukepleiar jobbar saman med ungdommen, skolen og foreldre/føresette for å bidra til at elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø. Målet er å fremje helse, trivsel og læring hos ungdommen.

Helsesjukepleiar gir individuell rådgivning og rettleiing til elevar og/eller foreldre/føresette innan helserelaterte tema. På ungdomsskuletrinnet kan elevane oppsøke helsesjukepleiar utan at foreldre/foresatte nødvendigvis får tilbakemelding om det.

Tema for 8.klasse

Individuell helsesamtale med helsesjukepleiar. Tema helsesamtalen vil omhandle er: trivsel heime og på skulen, helseplager, kosthald, søvn, fysisk aktivitet, tannhelse, tobakk/ rus, pubertetsutvikling, seksualitet m.m. Eleven får tilbod om måling av høgde og vekt.

Tema for 9. klasse

Samlivsundervisning/seksualitetsundervisning

Tema for 10.klasse

Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. 

I tillegg vil helsesjukepleiar bistå i undervisninga retta mot psykisk helse (Livetogsann.no), og i eventuelt andre helserelaterte tema i tråd med skolen sitt behov.

Vil du snakke med helsesjukepleiar?

Elevar/ foresatte/foreldre er velkomne til å ta kontakt med helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar har trefftid på skolen kvar veke. Mange ungdommar brukar dette tilbodet og det er mange ulike tema som blir tatt opp.

Helsesjukepleiar har teieplikt. Foreldra er viktige for ungdommen og helsesjukepleiar vil ta kontakt med heimen ved behov.

Vi er to helsesjukepleiarar som er knytt til Kolvikbakken ungdomsskole. Det er mogleg å ta kontakt med oss på telefon eller mail om ein ønsker det.

Anne Kristin Viseth Velsvik
Trefftid: Hver måndag, onsdag torsdag og annenhver fredag

Kari Førde Moen
Trefftid: Hver tirsdag og torsdag.

Skolereglar

Ved Kolvikbakken ungdomsskole må elevane skru av mobiltelefonane når skoledagen startar, deretter blir desse låst inn i eigne skap. Mobiltelefonane blir utlevert igjen når skoledagen er over.

I løpet av skoledagen styrer den enkelte faglærar om mobiltelefonen skal hentast ut for å brukast i konkrete pedagogiske opplegg.

Kolvikbakken ungdomsskole skal vere ein trygg og triveleg sted for alle, der du viser høflegheit til skolen vår. Vi ønsker et miljø prega av vennlegheit, høflegheit og omtanke for alle. Dermed er ordensreglane eit hjelpemiddel i etisk rettleiing samtidig som dei er skolens «lovverk».

Om orden og oppførsel:

  1. Møt førebudd og presis til timane. Sørg for god orden i skole- og heimearbeid.
  2. Hald det fint og ryddig rundt deg. Ta vare på eigne og andre sine eigedelar, skolebygget, inventar og utstyr.
  3. Opptre hensynsfullt. Mobbing og anna form for plaging blir ikkje akseptert.
  4. Gjer ditt til at det er eit godt læringsmiljø med arbeidsro og orden.
  5. Det er ikkje tillate å gå utanfor skoleområdet med mindre du har løyve. I storefriminutt (matpause) har vi eit utvida skoleområde (sjå eige punkt). Vis omsyn til naboane til skulen.
  6. Det er ikkje tillate å ta med eller bruke energidrikk, tobakk, (e-sigaretter/vape), snus og rusmiddel av noko slag på skolen og skoleområdet, i skoletida eller ved arrangement skolen står for, - det same gjeld for gjenstandar som kniv, våpen (og våpenkopiar) eller anna som kan medføre fare.
  7. Sykkel skal plasserast i sykkelstativ.
  8. For å unngå skade er sykling og mopedkøyring på skolen sitt område ikkje lov i friminutta. Snøballkasting er lov berre mot oppsett blink.
  9. Snøballkasting er tillaten berre mot eventuelt oppsett blink.
  10. Rullebrett og sparkesykkel/ eletrisk sparkesykkel kan brukast når forholda er lagt til rette for det og tillatelse er gitt, men aldri inne i bygget.

    Privat elektronisk verktøy kan etter avtale med lærar brukast til pedagogisk arbeid, men skal elles vere avslått og borte fra pulten i timane. Mobiltelefon skal leverast inn ved byrjinga til skuledagen, og leverast ut igjen ved slutten av skuledagen.

Ved brot på reglane:

  • Anmerkning, melding til heimen, gjensitting, eigna teneste/arbeidsoppgåve/reparasjonar.
  • Bortvising i inntil 3 dagar ved alvorleg eller gjentatte brot på reglementet. (Opplæringsloven §2.10)
  • Nedsetting av karakter for orden og/eller oppførsel.
  • Tidsbegrensa beslag av gjenstandar som, trass forbod, blir brakt med til skolen, eller som ved misbruk står i strid med reglane ovanfor, f.eks. mobiltelefon.

I situasjonar der sikkerheit for andre elevar og personale blir trua på ein slik måte at det vil vere uforsvarleg i forhold til det ansvaret  kommunen har som skoleeigar og arbeidsgivar, kan elevar bortvisast slik det går fram av Opplæringslovens § 2-10.

Ved spørsmål om bortvising i slik samanheng, drøftar rektor saka med rådmannen med sikte på å finne løysingar som sikrar eleven sin rett til opplæring samtidig som omsorg for personalet blir ivaretatt. Det blir umiddelbart etablert kontakt med andre faginstansar det er naturleg å samarbeide med.

Framgangsmåte ved brot på reglane:

  • Eleven skal ha rett til å forklare seg munnleg før det blir gjort bestemming om refsingstiltak.
  • Bortvisning frå undervisning blir avgjort av rektor etter samråd med eleven sine lærarar. Før det blir fatta vedtak om utvising, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak som ordensreglementet gir adgang til.

Orientering om erstatning  og erstatningsansvar:

  • Skolen (kommunen) er som hovudregel ikkje ansvarleg for elevenane sine eigedelar som blir stolne, kjem bort eller blir skada/øydelagt.
  • Føresette kan likevel søke kommunen om rettferdsvederlag. Spesielle reglar.
  • Skade på eller tap av briller/høyreapparat blir erstatta etter eigne reglar.
  • Skulle du (elev) kome til å skade skolen sin eigedom eller ting som høyrer andre til, skal du straks gi beskjed til lærar, kontaktlærar eller til kontoret om kva som har skjedd. Du kan bli erstatningspliktig for det som blir øydelagt.
  • Foreldre har objektivt ansvar for dei skader barna har skuld i og kan bli erstatningsansvarleg for eit beløp begrensa oppover i samsvar med gjeldande reglar.
  • Tapte eller øydelagde bøker må erstattast. Nye bøker fullt ut, andre bøker med halvparten av ny pris.

Skolen sitt område

I skoletida skal du halde deg innanfor skolen sitt område om ikkje anna er

Adgang til å gå utanfor skolen sitt område: 

Dersom du går utanfor skolen sitt område utan løyve, vil det medføre at du ikkje er forsikra dersom du skulle komme til skade. Difor: Avtal alltid med lærar dersom du har behov for å gå utanfor skoleområdet/skolen sitt utvida område.

Elevarrangement: Skal godkjennast av skolen. Forespørsel skal leggast fram for rektor eller den rektor gir myndigheit, i god tid før eit eventuelt arrangement.

Kontakt

Telefon

Nettside: alesund.kommune.no/kolvikbakken-ungdomsskole