Spjelkavik barneskole

Spjelkavik barneskole ligg i indre bydel av Ålesund Kommune

Grunnskolen har: 

  • Ca. 620 elevar. Elevane er organisert i 29 klasser og eit elevråd som er svært aktivt på fleire område i skolekvardagen.
  • Rundt 90 tilsette i skole og SFO.

Skolens visjon

Leike, le og lære, på Spjelkavik vil vi vere. 

Satningsområde

Visjonen til skolen er å skape ein inkluderande skole som bygger på:

  • tryggheit
  • trivsel
  • tilhøyrigheit
  • toleranse

Vi er opptatt av at elevane skal utvikle seg og lære slik at dei har eit godt grunnlag for vidare skolegang og ungdomstid. Difor deltar vi aktivt i den pedagogiske utviklinga av grunnskolen. Dette gjer vi gjennom ulike tiltak og utviklingsprosjekt, som:

  • Kultursekken
  • Vennskapsveker
  • Systematisk leseopplæring og kartlegging
  • Trivselsleiarprosjekt
  • Uteskole og turgrupper
  • Fysisk fostring og mat

Skolen har oppdaterte og nybygde lokale og kan tilby elevane svært gode rammer for læring. Det viktigaste er likevel det personalet ved skolen kan tilby i form av eit trygt læringsmiljø og eit oppdatert undervisningstilbod. Vi har tru på mykje fysisk aktivitet og at aktive elevar er snille og greie med kvarandre.

Helse og velferd

Høyrselshemma kan få eit forsterka skoletilbod hos Spjelkavik barneskole.

Skolen deltar i prosjektet Lekepatruljen, der dei største elevane skal engasjere dei yngste skoleelevane i leik i frimunutta.

Helsesjukepleiar har kontor ved hovudinngangen i 1. etasje.
Skolehelsetenesta.

Skolereglar

Skolereglar for dei kommunale grunnskolane i Ålesund

Reglar om oppførsel ved Spjelkavik barneskole

  • Alle skal oppføre seg slik at ingen er redd for å komme på skolen.
  • Alle skal oppføre seg slik at ingen blir forstyrra når dei skal lære.
  • Elevane skal rette seg etter tilsnakk frå dei vaksne på skolen.
  • Alle må gjere skolearbeidet sitt og møte til rett tid.
  • Tobakk og rusmiddel er forbode på skolen.
  • Gjenstandar som kan skade nokon, er ikkje tillate å ta med på skolen. Mobiltelefon skal ikkje brukast i skoletida, då må den ligge i veska med avslått lyd.
  • Med utgangspunkt i Opplæringslovas forskrift §12-1 punkt d. er det ikkje lov å sykle til og frå skolen før 5. klasse, utan foreldra sitt skriftlege samtykke. Rulleskøyter, rullebrett og sparkesykkel  kan berre brukast på tilvist plass. Reglar om tiltak og framgangsmåtar når det skjer brot på ordensreglane. Det er viktig å halde god kontakt med heimen om elevane si utvikling og oppførsel på skolen. Ved mindre brot på ordensreglane kan det brukast munnleg/skriftleg melding til heimen.
  • Den som øydelegg noko, må erstatte og/eller reparere skaden. Foreldra får skriftleg melding om saka.
  • Dei som ikkje følger § 1, 2 og 5 må få undervisning og friminutt for seg sjølv, bli overført til anna gruppe/klasse eller vere att etter skoletid. Rektor avgjer når dette skal skje og for kor lang tid. Rektor kan også i medhald av Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa §2-10 i særlege tilfelle bortvise elevar for resten av dagen. Foreldra skal varslast når tiltak i §9 blir brukt.
  • Ureglementert fråvær må takast att. Foreldra skal varslast på førehand.
  • Gjenstandar som det ikkje er lov å ta med på skolen eller som blir brukt på ein ureglementert måte, blir konfiskert og må hentast av foreldre eller bli liggande til skoleslutt til jul-/sommarferie.
  • I situasjonar der sikkerheit for andre elevar og/eller personale blir trua på ein slik måte at det vil vere uforsvarleg i forhold til det ansvaret som kommunen har som skoleeigar og arbeidsgivar, kan elever pålegges skolegang utenom skolens lokaler. Pålegget vil kunne gjelde til skolen, i samarbeid med andre faginstansar, har funne løysningar i forhold til å avklare situasjonen. I slike tilfelle skal rektor drøfte saka med sektorsjefen eller den han gir myndigheit til dette. Før det blir fatta vedtak skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refselsestiltak som ordensreglementet gir adgang til.

SFO

Spjelkavik SFO har eit flott nærområde med kort veg både til fjellet og sjøen. Skolen har også eit fint uteområde der det er moglegheit for allsidig leik og moro. Vinterstid har vi gode moglegheiter for å ake i det skrånande terrenget ved skolen.

Ved Spjelkavik SFO er det mange barn. Skolen og SFO har difor sambruk på alle rom. SFO har tilgang på skolekjøkken, musikkrom, sløyd, og gymsal o.s.b. når desse er ledige. Dette gir oss rom og moglegheiter til å tilby mange ulike aktivitetar.

SFO er i år delt i 2 basar. Basane ligg i fløyene der barna har sine klasserom og garderobar på skolen. Gul base er for dei yngste barna og Blå base er for dei eldste.

Vi arbeider for at barna skal møte dei samme grensene og haldningane både i SFO og skole – difor har vi felles ordensreglement. Dette er med på å gi barna tryggheit og trivsel.

Sjå årsplanen for SFO. (PDF, 988 kB)

Spjelkavik SFO si Facebookside

Kontakt

Telefon

Søk etter kontaktinformasjon