Ørskog skule

Ørskog skule er ein totrinns barne- og ungdomsskule som også inneheld SFO og er undervisningsstad for kulturskulen. Skulen er nybygd og blei tatt i bruk hausten 2018.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Skulen er bygd saman med svømmehallen, og ligg tett ved allereie etablert idrettshall og utandørs fotballbaner.

Uteareala er tilrettelagde for aktivitetar som gir rom for kreativitet, samhandling, fysisk utfolding, meistring og trening av grov- og finmotorikk.  Her er stille soner og område som inviterer til høg aktivitet – her kan dei sjølve organisere seg, men her er også areal som kan nyttast i den praktiske undervisninga.

Helse og velferd

Skolehelsetenesta.

SFO

Ørskog skule har kommunal skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for elevar i 1. - 4. klasse.

Opningstider

  • Måndag–fredag: kl. 07.00 - 08.30 + kl. 13.15 - 16.45
  • Fridagar for elevar: kl. 07.00–16.45

Kontakt

Telefon:

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/orskog-skule