Stafsethneset skole

Tilbodet på Stafsethneset skule er for elevar på ungdomstrinnet i Ålesund kommunen som søker ein alternativ opplæringsarena.

Elevane her kan ha ulike psykosoiale utfordringar.

Målsettinga er at eleven skal få best mogleg fundament for å gjennomføre skuleåret og søke seg vidare utdanning. I samarbeid med heimskulen ønsker vi å legge til rette for eit best mogleg opplæringstilbod for den enkelte eleven.

Les meir om tilbodet ved Stafsethneset skole.

Søk om plass ved Stafsethneset skule

Eleven treng sakkunnig vurdering og enkeltvedtak for å starte på skulen og får IOP (individuell opplæringsplan) ved skulen. Søknaden må skje i samråd med eleven, foreldre/ føresette og heimskulen.

Stafsethneset har hovudopptak i slutten av april. Søknadsfrist for skuleåret 2021/2022 er utgangen av januar 2021. Det er løpande opptak om det blir ledig plass. Tilbodet er frivillig for eleven. Kjenner eleven at dette ikkje er det rette, er det mogleg å avslutte skuleplassen. Eleven blir då tilbakeført til heimskulen.