Valle barnehage

Sigrun Vollen

Valle barnehage ligg til i naturskjønne omgjevnader med utsikt over fjord og fjell på Valle i Skodje kommune. Vi har allsidig natur på alle kantar, det gjer at vi lett kan nytte både fjell, skog og fjøre. Vi har nær tilknytning til Valle skule med tilgang til gymsal, bibliotek, amfi og ballbinge.

Visjonen vår:
Med barnet i sentrum positiv vekst gjennom leik og læring i eit miljø som er prega av tryggleik, kreativitet og gjensidig respekt

Vi er ein av fire barnehager som til saman utgjer eining for kommunale barnehager i Skodje.  

Vi tilbyr:

  • Eit flott ute- og innemiljø
  • Eit engasjert og stabilt personale
  • Fokus på godt samspel mellom barn og vaksne
  • Fokus på pedagogisk dokumentasjon
  • Prosjektarbeid som metode
  • Fokus på kompetanseheving og utvikling
  • Dagleg opningstid frå 07.00-16.45
  • Frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid

Valle barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Årsplanen vår gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder. Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring. Avdelingane og gruppene presenterer seg nærmare i  årsplanen. (PDF, 2 MB)

Avdelingar

Valle barnehage har to avdelingar med totalt tre grupper, vi har 64 plasser til barn i alderen 0-6 år

Kontakt

Adresse: Vallemyrane 1, 6260 Skodje

Verksemdsleiar: Janne Aamelfot

Styrar: Sigrun Vollen
Telefon: 95254713
E-post: sigrun.vollen@alesund.kommune.no

Avdeling Furuhaugen, 2 barnegrupper
Telefon 41162971

Avdeling Blåbærtua, 1 barnegruppe
Telefon: 41176130

Denne nettsida: alesund.kommune.no/valle-barnehage