Barnegruppa inndelast i baser, hovudsakeleg etter alder med også etter behov. Barn og personale er fordelt på småbarnsbase og storbarnsbase med mindre barnegrupper ut frå alder internt på basen. Organisering og fordeling av barn og personale gjerast i etterkant av hovudopptaket kvart år.
Pedagogikk
Vårt verdigrunnlag bygger på eit fokus om å verdsetje barna som subjekt, på mangfald, toleranse og raushet overfor kvarandres forskjellar. Å anerkjenne barnet som subjekt, betyr at vi skal møte barna med ei likeverdig haldning og om å sjå barnet som eit eige individ.
Vi jobbar for å skape trygge relasjonar, og samspillet mellom barn og vaksne skal vere prega av ei omsorg som inneber anerkjennelse, heider, støtte og følelsesmessig innlevelse. Gjennom dette ønsker vi at barna skal kunne både lære seg å ta imot omsorg, - men også gi omsorg til kvarandre.
Dette er eit grunnleggande utgangspunkt i utviklinga av sosial kompetanse i eit livslangt læringsperspektiv.
Med fokus på psykisk helse som mellom anna handlar om at barna må bli i stand til å ta andre sine perspektiv, og dessutan òg lære seg å forstå andre sine kjensler, vise omsorg og empati.
Midtbyen barnehage årsplan 2022 - 2023 (PDF, 2 MB)
Fokusområde
- Kvalitet i opplæring
- Sosial kompetanse / relasjonell kapasitet (barnet i sentrum)
- Språk
- Digital praksis
- Dokumentasjon og vurdering knyttet til voksenrolla og hverdagssituasjoner
Avdelingar
Midtbyen barnehage er godkjent for 62 barn fordelt på 2 avdelingar. Ein base er tilrettelagt for dei minste av barnehagebarna i alderen 1-2 år og storbarn er tilrettelagt for dei største barnehagebarna i alderen 3-6 år.
Opningstider
Opningstida til barnehagen er: 07.15 – 16.45
Barnehagen er stengt to veker på sommaren. Vi er stengde veke 28 og 29 sommaren 2022. I tillegg er barnehagen stengd julaften, nyttårsaften og bevegelege heilagdager/»raude dagar». Siste dag før påske er onsdag 31. mars. Då stenger barnehagen klokka 12.00.
Barnehagen er også stengt 5 planleggingsdagar kvart barnehageår, for barnehageåret 2022/2023 vil datoene bli fastsatt av barnehagens samarbeidsutvalg og opplyst om ved barnehageoppstart august 2022.
Dagsrytme
Grov oversikt over dagsrytme i barnehagen:
Alle tider som er angitt over er ca. tider. På morgonen mellom klokka 07:30 – 08:30 er det òg frilek inne på basane våre. Vi gjer også merksam på at barna skal vere med å bestemme noko over dagen sin, derfor kan planane endrast.
Kontakt
Besøksadresse: Losgata 2, 6003 Ålesund
Verksemdsleiar: Haldis Gundersen
Styrer: Elisabeth Briksdal Waage
Andre kontakter:
Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/midtbyen-barnehage