Jobb i administrasjonen

Administrative jobbar er viktige for at tenestene våre skal henge saman, og for at innbyggjarar og tilsette skal få god støtte og oppfølging.

Hos oss finn du administrative stillingar både i sentraladministrasjonen og i dei ulike kommunalområda. Her kan du få varierte arbeidsoppgåver, bidra til gode tenester og vere med på å utvikle kommunen.

I sentraladministrasjonen finn du kommunalområdet organisasjon, som støttar kommunedirektøren og heile kommunen. Samstundes finst det administrative stillingar i alle kommunalområda, med varierte oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Å jobbe i administrasjonen gir deg høve til å bidra til viktige oppgåver for lokalsamfunnet. Du blir ein del av eit fagmiljø der samarbeid, utvikling og gode løysingar står sentralt.

Kven passar det for?

Jobb i administrasjonen kan passe for deg som ønskjer å arbeide med:

  • saksbehandling og forvaltning
  • rådgiving og utgreiing
  • økonomi, analyse og verksemdsstyring
  • HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
  • kommunikasjon og innbyggjardialog
  • arkiv, dokumentforvaltning og politisk sekretariat
  • digitalisering, systemforvaltning og utviklingsarbeid
  • service og administrativ støtte til leiarar og fagmiljø

For å trivast i administrativt arbeid, er det ein fordel at du:

  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • samarbeider godt med andre
  • kommuniserer klart og tydeleg
  • trivst med ansvar og varierte oppgåver
  • ønskjer å bidra til utvikling og forbetring
  • har forståing for rolla kommunen har i samfunnet

Finn ledige jobbar

Sjå alle ledige tillingar i Ålesund kommune (Webcruiter)

Lagre søket, så får du e‑post når nye stillingar kjem.

To personer som går i en korridor

Her er du med på å skape gode rammer for tenestene kommunen gir.

Kva kan du jobbe med?

I administrasjonen kan du jobbe med oppgåver som er viktige for at kommunen skal fungere godt – kvar dag. Her finn du fagområde som støttar tenestene våre, legg til rette for gode arbeidsprosessar og bidreg til utvikling i heile organisasjonen.

Du kan til dømes jobbe med:

Saksbehandling og forvaltning

Her er du med på å førebu saker, behandle søknader og sikre at kommunen følgjer lover, reglar og rutinar. Du får bruke både fagkunnskap, vurderingsevne og skriftleg formidling i arbeidet ditt.

HR, løn og personal

Her bidreg du til at tilsette og leiarar får god støtte i arbeidskvardagen. Oppgåvene kan vere rekruttering, løn, rådgiving, oppfølging og utvikling av gode arbeidsmiljø.

Økonomi og rekneskap

Her er du med på å sikre god økonomistyring i kommunen. Du kan arbeide med budsjett, rekneskap, rapportering og oppfølging, og bidra til at ressursane blir brukte på ein god og ansvarleg måte.

Arkiv og dokumentasjon

Her bidreg du til orden, openheit og rettstryggleik. Du arbeider med journalføring, dokumenthandtering, arkivrutinar og innsyn, og er med på å sikre god informasjonsflyt i kommunen.

Service og innbyggjardialog

Her er du ofte eit viktig første møte med kommunen. Du svarar på spørsmål, rettleier innbyggjarar og hjelper folk vidare. Dette passar for deg som likar å møte menneske, er løysingsorientert  og ønskjer å gi god service.

Kommunikasjon

Her arbeider du med å gjere informasjon tydeleg, tilgjengeleg og relevant. Oppgåvene kan vere nettsider, klarspråk, internkommunikasjon, innhaldsproduksjon og kontakt med media.

IT, digitalisering og utvikling

Her får du vere med på å utvikle og drifte digitale løysingar som er viktige for heile kommunen. Oppgåvene kan vere IT-drift, brukarstøtte, systemforvaltning, informasjonstryggleik, digitalisering av arbeidsprosessar og utvikling av nye løysingar. Dette passar for deg som likar teknologi, samarbeid og kontinuerleg forbetring.

Politisk sekretariat og administrativ støtte

Her støttar du politiske møte, leiarar og administrative prosessar i kommunen. Oppgåvene kan vere møteførebuing, referat, koordinering og praktisk tilrettelegging.