Kven kan få tilbodet?
Praktisk bistand kan tildelast personar som har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. Er behovet for hjelp av midlertidig art, vil målsettinga vere at brukaren etter kvart skal kunne klare meir sjølv.
Tenesta praktisk bistand kan tildelast etter søknad og ei fagleg vurdering av behov. I vurderinga av hjelp tar vi omsyn til:
- Dine eigne moglegheiter for å klare eller ta del i oppgåvene.
- Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
- Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt.
Slik søkjer du
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.
Pris
Sjå prisane for heimebaserte tenester i Ålesund kommune.