Heimesjukepleien skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at personen skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleien si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det personen ikkje meistrar sjølv.
Kva tilbyr vi?
Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er avhengig av bistand innanfor:
- nødvendig pleie og omsorg
- hjelp til medisinar/injeksjonar
- sårbehandling
- tilsyn og observasjonar
- opplæring og rettleiing
- omsorg ved livets slutt
Kven kan få heimesjukepleie?
Ved vurdering av søkjaren vektlegg vi:
- om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta dei grunnleggjande behova sine.
- om søkjaren er avhengig av hjelp til handtering av legemiddel, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m.
Den endelege anbefalinga blir sett i samanheng med anna hjelp søkjaren kan få frå kommuna. Det blir fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta.
Kva kostar det?
Tenestetilbodet er gratis.
Slik søkjer du
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.