Slik klager du på helse- og omsorgstenester

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar, eller at du ikkje har motteke dei tenestene du har krav på. 

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • saksbehandlinga

Klage på vedtaket

Viss du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til Tildeling og koordinering, som er søknadskontoret i kommunen. Dei tilsette på søknadskontoret går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje endra vedtaket, sender dei automatisk klaga vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som avgjer saka.

  • Fristen for å klage er 4 veker frå du fekk vite om vedtaket.
  • Klagen må vere skriftleg, grunngitt og underteikna. Du kan nytte klageskjema eller skrive eit brev.

Klage på tenesta

Dersom du meiner at tenesta du mottek ikkje er i samsvar med det vedtaket du har fått, eller på annan måte ikkje held den kvalitet som du meiner det er rimeleg å forvente, har du rett til å klage.

Vi ønskjer at saker blir løyste på lågast moglege nivå, og håpar derfor at du først tek forholdet opp med dei som yter tenester hos deg, eller ansvarleg leiar. Ver tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra. Dei som utfører tenesta må undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Her finn du kontaktinformasjon til verksemdene innan kommunalområdet helse.

Dersom dette ikkje løyser saka kan du sende ein skriftleg klage. Når dei som utfører tenesta får klaga di, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klaga fram, blir den automatisk sendt videre til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren handsamar klagen og svarer deg med eit brev.

 Be Statsforvaltaren vurdere

Pasientar, brukarar og andre som har rett til det, kan be Statsforvaltaren gjere ei vurdering av om det er gjort lovbrot i helse- og omsorgstenesta. Les mer om klagegangen hos Statsforvaltaren

Når du ber Statsforvaltaren vurdere ei hending, oppnår du ikkje ein rett til å følgje saken, men Statsforvaltaren kan kome til å utføre eit tilsyn av aktuell teneste. Informasjon frå deg er ein viktig kjelde til informasjon om eventuelle kritikkverdige tilhøve i helse- og omsorgstenesta. Kontaktinformasjon Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Får du ikkje medhald frå Statsforvaltaren er neste moglegheit å klage til Sivilombodsmannen.

Klageskjema

I klagen bør det stå kva det klagast på, og det bør kome fram opplysningar som er av betyding for handsaming av klagen. 

Skjema for å klage på helse- og omsorgstenester

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du bruke papirskjema for å klage på helse- og omsorgstenester (PDF, 57 kB). Dette kan du sende i posten til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller som sikker digital post (eDialog).

Merk klaga med namnet på den verksemda som har gjort vedtaket eller avgjerda du ønskjer å klaga på.

Dersom du har behov for hjelp til å skrive klagen, har kommunen plikt til å hjelpe deg.

Ansvarleg for tenesta