Varsling om smitte
Helsepersonell som mistenker eller påviser tilfelle av enkelte typar smittefarlege sjukdommar skal varsle kommuneoverlegen. Dersom kommuna treng bistand blir det inngått samarbeid med Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren.
Utbrot er definert som:
- fleire tilfelle enn forventa av ein bestemt sjukdom innanfor eit område i eit gitt tidsrom
- to eller fleire tilfelle av same smittefarlege sjukdom med antatt felles kjelde (f.eks. hotell/feriestad, utstyr, næringsmiddel, vatn)
Tidleg varsling av utbrot er viktig. Ved utbrot av smittefarlege sjukdommar er det viktig at kommuneoverlegen blir varsla. Kommuneoverlegen varslar så Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren. Nødvendige tiltak blir då sett i verk.
Smittevernlova
Her kan du melde inn mistanke om smittsom sykdom
Korleis kan du hindre å spreie smitte?
Tuberkuloseundersøking
Kommer du frå eit land med høg førekomst av tuberkulose, eller kan ha vore i kontakt med ein smitta person er du pliktig til å teste deg for tuberkulose.
Du er pliktig til å teste deg for tuberkolose dersom du:
- kjem frå eit land med høg førekomst av tuberkulose og skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
- har mistanke om at du er smitta av tuberkulose eller har vore i risiko for å bli smitta.
- dei siste tre år har opphalde deg i meir enn tre månader i eit land med høg førekomst av tuberkulose og skal jobbe med barn, pleietrengande eller sjuke.
- har vore i kontakt med personar med smittsam lungetuberkulose.
Folkehelseinstituttet sine temasider om tuberkulose
Forskrift om tuberkulosekontroll
Gule stafylokokkar
Har du i løpet av dei siste 12 månadene jobba i helsevesenet i utlandet eller vore innlagt på helseinstitusjon i utlandet? (Alle land utanom Norden og Nederland)
Har du i løpet av dei siste 12 månadane jobba eller vore innlagt på ei avdeling der utbrot med MRSA - Meticillinresistente gule stafylokokkar er påvist eller der MRSA er endemisk i helseinstitusjonen?
Har du tidlegare hatt infeksjon eller vore kolonisert med MRSA, og enno ikkje blitt erklært som smittefri?
Dersom du kan svare JA på minst eitt av spørsmåla om MRSA, må du bli undersøkt for MRSA før du startar i stilling i pleie- og omsorgsavdeling, eller før du kan leggjast inn på eit norsk sjukehus.
MRSA-prøve tar du hos fastlegen din.
Når bør barn vere heime frå barnehage og skule?
Barn som går i barnehage er meir utsatt for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis er det barnet sin allmenntilstand som avgjer om barnet bør vere heime frå barnehagen ein periode. Men for enkelte sjukdommar kan det vere nødvendig å bli heime utover dette, for å hindre spreiing av smitte til andre.
Sjå Folkehelseinstituttet si anbefaling om når barnet må vere heime