Oppsøkande habiliteringOppsøkande habilitering er eit tilbod til deg over 18 år med autismespekterforstyrring, utan psykisk utviklingshemming.Gjennom samarbeid ønskjer vi å gi deg gode verktøy til å meistre kvardagen. Stressmeistring kan vere utfordrande for mange på spekteret. Gjennom samtalar og kartlegging vil du få råd og rettleiing ut frå måla og ønska dine. Struktur og føreseielegheit i eigen kvardagPsykoedukasjon vil ofte vere ein god start for å forstå seg sjølv betre. Støtte til å greie å fullføre utdanning og vere i arbeid, øve på ADL-ferdigheiter, familiestøtte og sosiale ferdigheiter. "Laurdagstreffet" er eit tilbod for deg der vi laurdagar i partalsveker treffest i lokala til Skansen Aktivitet i Sorenskrivar Bullsgate frå klokka 17-19. Dette er eit samarbeid med Autismeforeningen i Møre og Romsdal. Her får du høve til å møte andre på spekteret, og mange opplever det som ein god øvingsarena. Teamet er til stades kvar dag heile veka frå 08-20.Kven kan få tilbodet?Du må vera fylt 18 år, og ha diagnose innanfor spekteret.SøknadSlik søkjer du om helse- og omsorgstenester Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus Sist endra 02.12.2024 10.42