«Livslyst når det røyner på» er eit meistringskurs for vaksne etterlatne som har mista ein nærståande.
Kurset er gratis, og blir arrangert i samarbeid mellom pårørandekoordinator i Ålesund og kreftkoordinator i Sula.
Kurset bygger på kognitiv læring, og gir nyttige verktøy for å meistre kvardagen når livet er vanskeleg. Deltakarane får også høve til å utveksle erfaringar med andre som er i ein liknande situasjon. Kurset går over fire kveldar og er ope for deltakarar frå heile Møre og Romsdal.
- Eg trudde det var berre var meg som følte det slik.. så kom eg hit og fant trøyst i det å møte andre i same situasjon. Desse kurskveldane har vore gode for meg. Fortsatt er kvardagen tung, men no har eg eit håp om at der fortsatt skal vere mange glade dagar framom meg, seier tidlegare kursdeltakar.
Kursdagar
Kursdager arrangeres fast vår og høst, ta kontakt for tidspunkt i 2025.
Stad: Lavblokka ved Ålesund rådhus.
Informasjon/Påmelding
Merete Brungot Kløvning