Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering gir støtte heime eller i nærmiljøet i ca. 6 veker. Saman set vi mål for aktivitetar du ønskjer å meistre, med hjelp frå eit tverrfagleg team.

Korleis få tenesta?

Ved søknad skal du bruke Ålesund kommune sitt digitale tilvisingsskjema, du kan òg sjå informasjonsbrosjyra for kvardagsrehabilitering.

Tilvisning til kvardagsrehabilitering

For kven?

  • Deg som bur heime og som tidlegare har klart deg med lite, eller inga bistand frå heimetenesta, men som no har behov for det på grunn av sjukdom eller skade.
  • Deg som har eit ønskje om i størst mogleg grad å klare deg sjølv i kvardagen.
  • Deg som er villig til å gjere ein ekstra innsats for å bli meir sjølvhjulpen.

Kartlegging

Vi kjem heim til deg og gjennomfører ei kartlegging. Vi ser kva du klarer og kva for nokre utfordringar du har i kvardagen. Saman set vi konkrete mål for kva daglege aktivitetar du ønskjer å trene/øve på.

Vidare

Kartlegginga dannar grunnlaget for korleis vi saman skal jobba for at du skal nå måla dine. Heimetenesta og terapeutane vil byte på å kome heim til deg og hjelpa deg med den daglege treninga. Treninga blir tilpassa og evaluert undervegs.

Avslutning

Etter seks veker tek vi ei oppsummering med utgangspunkt i dei måla du satte deg ved oppstart.

Døme på aktivitetar å trene på:

  • Stell, kle av/på seg 
  • Dusjing
  • Lage mat
  • Enkelt husarbeid
  • Ta bussen
  • Gå i trapp
  • Gå utandørs
  • Handle i butikk
  • Komma inn og ut av senga
  • Dra på besøk

Tips til møblar og hjelpemiddel ved nedsett balanse og styrke (PDF, 349 kB)

Informasjon til pårørande (PDF, 220 kB)

Plan for rehabilitering i Ålesund kommune (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon, telefon: 90 97 25 46  (10:00-13:00)

Ansvarleg for tenesta