- Har du nedsett funksjonsevne kan du låne hjelpemiddel.
- Har du kortvarig behov (inntil 2 år), kan du låne hjelpemiddel frå Ålesund kommune.
- Har du langvarig behov (over 2 år), kan du søke om hjelpemiddel frå Nav.
Hjelpemiddel kan gjere det enklare å klare daglege gjeremål ved sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting.
Kortvarig behov for hjelpemiddel (inntil 2 år)
Kven kan låne?
Alle som bur og oppheld seg i Ålesund kommune kan låne hjelpemiddel. Behovet for hjelpemiddel må vere mellombels, inntil to år.
Kva kan du låne?
Du kan til dømes låne:
- krykker
- rullator
- rullestol
- seng,
- hjelpemiddel til bad, dusj og toalett med meir
Kommunen har òg andre hjelpemiddel. Ta kontakt for meir informasjon.
Slik låner du
Bestille hjelpemiddel
Ta kontakt med Teknisk hjelpemiddelservice i Ålesund kommune:
Dersom du har heimeteneste så kan dei hjelpe deg med å melde frå om behovet.
Hente og levere hjelpemiddel
Vi oppmodar alle som har høve til det , om å hente og levere enkle og lette hjelpemiddel sjølv.
Treng du hjelp med utkøyring, må du ta kontakt med oss for å avtale dette.
Lånetid og ansvar
- Låneperioden er vanlegvis tre månader.
- Du har ansvar for å ta vare på hjelpemiddelet og levere det tilbake som avtalt.
- Har du framleis behov, kan lånet ofte forlengast etter avtale.
Opplæring
Du kan få opplæring i bruken av hjelpemiddelet hos Teknisk hjelpemiddelservice i Ålesund kommune. Du har òg ansvar for å setje deg inn i korleis hjelpemiddelet skal brukast.
Pris
Sjå pris for korttidsutlån av kommunale hjelpemiddel.
Langvarig behov for hjelpemiddel (over 2 år)
Har du behov for hjelpemiddel over lengre tid (over 2 år) , kan du søkje om å låne frå Nav.
Kva kan du låne frå Nav?
Du finn oversikt over hjelpemiddel på FinnHjelpemiddel
Alle produkta i FinnHjelpemiddel kan i utgangspunktet bli dekte av Nav, dersom det blir dokumentert at hjelpemiddelet er nødvendig for å dekke behovet ditt.
Nokre hjelpemiddel finst i vanleg handel. I slike tilfelle gir Nav vanlegvis ikkje støtte til sjølve hjelpemiddelet, men kan gi støtte til ekstrautstyr eller nødvendig tilpassing for at hjelpemiddelet skal kunne brukast.
Dersom eit hjelpemiddel ikkje blir innvilga frå Nav, kan det vere aktuelt å:
- låne hjelpemiddel frå kommunen ved kortvarig behov
- låne privat, til dømes frå familie eller frivillige organisasjonar
- kjøpe hjelpemiddelet sjølv
Bustadtilpassing
Husbanken, via Innbyggartorget eller Ålesund kommunale Eigedom KF, kan gi lån og tilskot til tilpassing av bustaden.
Slik søkjer du
Når du treng hjelpemiddel, tek du kontakt med kommunehelsetenesta der du bur. Det kan til dømes vere:
- heimetenesta
- ergoterapeut
- fysioterapeut
- PP-tenesta
- fastlegen
Desse hjelper deg vanlegvis med søknaden til NAV.
Har du behov for hjelpemiddel på arbeidsplassen, må du ta kontakt med arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesta.
Er du i eit attføringsopplegg, kan NAV lokalt òg hjelpe deg.
Sjå korleis søke om hjelpemiddel frå Nav.
Kva kostar det?
Bortsett fra nokre få unntak, er lån av hjelpemidlar frå Nav gratis.
Reparasjon
Dersom det blir nødvendig å reparere hjelpemiddelet, ta kontakt med Teknisk hjelpemiddelservice.
Saksbehandlingstid
Kommunen og Nav skal behandle saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du få skriftleg svar med informasjon om:
- kvifor saka tek lengre tid
- når du kan vente vedtak