Fysioterapeutane har fokus på deltaking og aktivitet, og jobbar helsefremjande og førebyggjande. Dei har kompetanse på korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar verkar inn på helsa til barn og unge.
Fysioterapeutane er ein del av helsestasjon- og skolehelsetenesta.
Fysioterapeutane har samarbeid med anna helsepersonell i kommuna, sjukehus, barnehage, skule og andre kommunale tenester som PPT.
Fysioterapeutane er tilsette i verksemda førebygging og meistring.
Fysioterapeutane gir i hovudsak tilbod til pasientar som treng heimebehandling, pasientar på korttids – og rehabiliteringsopphald på kommunale institusjonar, barn og unge, og dei jobbar med førebyggjande tiltak i kommuna.
Kven kan få tilbodet?
Dei som er mellom 0-18 år. Tenesta gir tilbod etter individuell vurdering. Ein treng ikkje tilvising frå lege.
Korleis få tilbodet?
Du få tilbodet gjennom ein av desse måtane:
- kontakte fysioterapeuten direkte
- ta kontakt med helsestasjonen
- søke i HelsaMi
- sende inn tilvisingsskjema. Tilvisingane blir vurdert og prioritert ut frå hastegrad og alvorsgrad. Tenesta brukar same prioriteringsnøkkel i heile kommuna.
For at vi skal kunne behandle førespurnaden din, er det viktig at du svarar på spørsmåla som kjem opp.
I feltet «Beskrivelse av utfordringer og behov» ønskjer vi at du seier noko om den aktuelle endringa i funksjonsnivået ditt, kva som er utfordrande i kvardagen og kva du ønskjer at vi skal bistå med.
I feltet «Relevante medisinske opplysingar» ønskjer vi at du oppgir relevant medisinsk diagnose(r), når endringa skjedde og om ho kom brått/akutt eller gradvis.
Fysioterapeutane kan bidra med:
- Undersøking og vurdering av barnet.
- Sette i gang tiltak, individuelt eller i gruppe, på helsestasjonen, hos fysioterapeuten, i heimen, i barnehagen eller på skulen.
- Rettleiing av føresette og personalet rundt barnet, slik at dei kan ivareta barnet sitt behov for stimulering og trening gjennom dagen.
- Hjelp til vurdering, søknad og oppfølging av rørsle- og treningshjelpemiddel, samt ortopediske hjelpemiddel.
- Rådgjeving og informasjon til føresette og samarbeidspartnarar.
Skular og barnehagar kan etter samtykke frå føresette, ta kontakt med fysioterapeuten tilhøyrande aktuell helsestasjon for hjelp og rettleiing. Føresette følgjer da barnet til første konsultasjon.
Fysioterapeutane samarbeid med fysioterapeutane på avtale, som og kan følgje opp barnet. De samarbeid med ergoterapeutane i kommuna om vurdering og oppfølging.
Ergoterapi for barn og unge
Fysioterapeuter med avtale
Kva kostar det?
For barn under 16 år er konsultasjonar hos fysioterapeut, samt transport til konsultasjonar gratis.
Ungdom over 16 år må betale eigenandel til ein har nådd beløpsgrensa for frikort, eigendelstak 2. Eigenandelen følgjer fastsette takstar og betalast ved oppfølgjing både hos fastlønte fysioterapeutar og de med avtale.
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for brukarens funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med kort venta levetid/i terminal fasen.
- Personar med brått funksjonstap og/eller akutte behov.
- Akutte overgangsfasar.
Max ventetid: 7 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å setja brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå, og hindre ytterlegare funksjonstap.
Problemstillingar:
- Personar med akutt sjukdom/ skade/ liding, der funksjon eller smertetilstanden vil bli vesentleg dårlegare dersom ein ikkje set i gang tiltak.
- Ved alvorleg sjukdom når tiltak i stor grad er retta mot lindring, eigenaktivitet eller sosial deltaking.
- Personar med brått funksjonstap.
- Personar som er i overføringsfasar mellom spesialisthelsetenesta og kommune- helsetenesta, der tiltak må starte med ein gong.
Max ventetid: 14 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med nyleg funksjonstap.
- Personar med kronisk sjukdom/ funksjonsvanskar i fasar med forverring.
- Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente.
Max ventetid: 30 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente.
Problemstillingar:
- Personar med funksjonsproblem/ kronisk sjukdom i stabil fase.
- Personar i planlagde overføringsfasar. Oppfølging er nødvendig, men kan planleggast i god tid.
Max ventetid: 90 dagar
Tilvising
Tilvising ergo- og fysioterapi for barn
Kontakt
Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46. Måndag – fredag kl. 10.00 – 13.00.