KurstilbodÅlesund kommune har tilbod om ulike kurs til deg som vil bli tryggare i foreldrerolla og som omsorgsgivar. Sist endra 21.01.2026 10.02 GruppekursForeldrekurs - Circle of securityFor deg som ønskjer å få best mogleg relasjon til barnet ditt. Kurset passar for alle foreldre: COS-P kurs (PDF, 201 kB)Kurset går over åtte gruppetreff på ca. 1,5 timar per gong. Du må ha anledning til å ta del på alle treffa for å kunne melde deg på.ForeldergruppeEit gruppetilbod der de kan snakke om store og små utfordringar i kvardagen. Som deltakar i ei foreldergruppe får ein fagleg påfyll og moglegheit til å treffe andre foreldre i same situasjon. Saman kan de utveksle erfaringar og me gir dykk faglege innspel som kan opplevast nyttig. Meld dykk på til: jeanette.elin.granmo.kobbevik@alesund.kommune.no Informasjon om foreldergruppetilbodet. (PDF, 4 MB) Gruppetilbodet byggjer på ICDP (International Child Development Programme) som er eit foreldrerettleiingsprogram som tek utgangspunkt i «8 tema for godt samspel», meint som eit verktøy for å gjøre deg tryggare i foreldrerolla. Digitale kurs for foreldreDet står respekt av foreldre som ønskjer å jobbe med seg sjølv for å betre kvardagen til barna. Nettkurs – Littsint er ei teneste med gratis materiell for foreldre som ønskjer å jobbe med sinnemeistring.“Godt samliv” er eit kurs for alle par som ønskjer å bli betre partnarar, med særleg fokus på overgangen frå par til førstegongsforeldreDigitalt minikurs for foreldre med utfordrande samarbeid etter samlivsbrot. Hjelper de med å få god utvikling hos barn etter samlivsbrot.