Tilrettelagt arbeid og aktivitet for menneske med nedsatt funksjonsevne

Har du utviklingshemming og behov for et tilrettelagt arbeids- eller aktivitetstilbod på dagtid?

Kort fortalt

  • Eit tilrettelagt dagtilbod for deg som er over 18 år og treng oppfølging og tilpassing.
  • Tilbodet blir tilpassa behova dine og kan vere heil- eller deltid.
  • Du kan òg søkje om tilrettelagd transport i same søknad.

Kva tilbod kan du få?

Du kan få eit tilrettelagt tilbod som kan innehalde:

  • Aktivitetar, til dømes musikk, sansestimulering, turar, spel, matlaging og andre aktivitetar.
  • Arbeidstilbod der du utførar vare-/tenesteproduksjon for den lokale marknaden, som til dømes vedproduksjon, tekstil/handarbeid, pakking og montering for bedrifter. Vi har også eigne butikkar med sal av eigen produksjon

Målet er at du skal oppleve meistring, tryggleik og sosialt fellesskap.

Rammer for tilbodet

Tilrettelagt arbeid og aktivitet er ei vedtaksbasert teneste. 

Tenesta skal bli utført slik at du får eit tilbod som er i samsvar med prinsippa for gode helse- og omsorgstenester. Vi samarbeider tett med deg og, ved behov, med nærpersonar/verje og andre for å gi eit heilskapleg og tilpassa tilbod. Kor mange dagar i veka du får tilbod, varierer og blir vurdert individuelt. 

Aktivitetstilbod kan òg organiserast med utgangspunkt i eigen bustad, og vi vurderer om du kan få eit tilbod nær der du bur. 

Arbeid og aktivitet samarbeider med mellom anna fylkeskommunen, NAV, Brisk, Helt Med og Vekst, eller andre instansar/verksemder i kommunen, for å tilpasse moglegheitene dine. 

For å få teneste i Arbeid og aktivitet er det eit vilkår at du ikkje kan ha, eller får, anna tilrettelagt arbeid. Sjå gjerne www.muligheterforalle.no for oversikt over ulike moglegheiter.

Korleis få tilbodet

Du kan søkje dersom du:

  • er over 18 år
  • har utviklingshemming
  • har fullført vidaregåande opplæring
  • ikkje deltek i ordinært arbeid

Kommunen vurderer om du har behov for eit tilrettelagt arbeids- og/eller aktivitetstilbod.
Dersom du har (eller kan få) andre ordningar for tilrettelagt arbeid, kan det påverke vurderinga (til dømes tiltak i regi av NAV).

Slik søkjer du

  1. Fyll ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
  2. I same skjema kan du òg søkje om tilrettelagd transport.

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Tildelingskontoret vurderar i samråd med søkjar og/eller verje om arbeids- og aktivitetstilbodet skal vere eit heil- eller deltidstilbod. 

Det er ingen søknadsfrist. Du kan søkje når du har behov.

Kva koster det? 

  • Tilrettelagt arbeid og aktivitet: gratis (ingen eigenandel)
    Transport (dersom du får innvilga dette): 1000 kroner per månad
    Prisen blir indeksregulert etter konsumpris 1. januar kvart år. Du får faktura éin gong per månad.

Transport til og fra vekstbedrifter og dagaktivitet

Du kan søkje om tilrettelagd transport til og frå dagtilbod/vekstbedrift dersom du har nedsett funksjonsevne og ikkje kan bruke andre transportmoglegheiter.

  • Vurdering: Vi vurderer mellom anna om du kan bruke offentleg transport (åleine eller med følgje), om du har tilgang til bil, om du nyttar tilbod nær bustaden, og om drosje berre blir brukt når det ikkje finst rimelegare alternativ.
  • Varigheit: Transportbehovet kan gjelde heile eller delar av året. Vedtak kan vere tidsavgrensa eller tidsuavgrensa, og tilbodet kan vere knytt til sesong.
  • Evaluering: Tilbodet blir evaluert ved endringar i behovet. Dersom vilkåra ikkje lenger er oppfylte, kan transporttilbodet bli stansa.
  • Organisering: Transporten blir organisert gjennom transportleverandør, drosje eller minibuss som fellestransport til og frå dagtilbod.
  • Hugs å avbestille: Dersom du ikkje skal nytte transporten ein dag, må du sjølv avbestille for å unngå å bli fakturert.

Andre tilbod

Sjå 13 Pluss - etter skuletidtilbodet (tilsvarande SFO for barneskule)

Varig tilrettelagt arbeid (NAV)

Meir informasjon

Ansvarleg for tenesta