- Barn startar på skolen det året dei fyller 6 år.
- Alle barn som skal starte på skolen får brev frå nærskolen sin.
- Barnet/familien får brev frå- og er automatisk tildelt plass ved den skolen barnet høyrer til.
Innskriving av elevar til første klasse skjer i januar det året dei skal begynne på skolen. Dette skjer elektronisk på bakgrunn av folkeregistrert adresse.
Nye elevar får brev frå sin nærskole med informasjon om skolen, og om når barnet og foreldra skal komme til skolen for bli-kjent-dag. Om du på førehand ønskjer å vite kva for ein skole ditt barn skal skrivast inn ved, ta kontakt med rektor ved ein av skolene for å få vite hvilken skole som er dykkar nærskole.
I Ålesund kommune vurderer ein at det er beste for barna å få gå på den skolen som er nærast til heimen.
Det skal særlege grunnar til for å innvilge ein elev skoleplass på ein skole i ein anna skolekrets enn der barnet bur.
I det gjeldande reglementet kan skolene vurdere tilfeller der;
- barnet har tilråding frå PPT
- i tilfeller der barnet har eldre søsken som allereie går på skolen ein søker til
- når skolevegen blir tryggare for barn som er store nok til å gå sjølv på skolen.
Kriteria blir vurdert i samanheng med kvarandre. I alle tilfeller er det kapasitet på trinnet og ressurssituasjon på den skolen føresette søker barnet inn på som er det avgjerande for inntak.
I januar 2021 begynner kommunalområdet opplæring på arbeidet med å lage ny prosedyre for skolebyte.
Ny elev i Ålesund: Starte på skole
Det er anledning til å søke om skolegang ved annan skole enn nærskolen. Ta direkte kontakt med nærskolen, og rektor ved skolen vil gi informasjon om vidare saksgang.
Barn som fyller 5 år i perioden 1. januar til 31. mars kan søke om tidleg skolestart. Søknad skal sendast til skolen barnet høyrer til. Rektor sender deretter tilvising til PPT for ei vurdering.
Om du meiner at barnet ditt har behov for utsett skolestart, må du ta kontakt med skolen barnet skal begynne på, for å få tilvising til pedagogisk psykologisk teneste (PPT). PPT lagar deretter ei sakkyndig vurdering. Dersom det etter sakkyndig vurdering er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga til å starte på skolen, kan foreldra kreve at skolestart skal utsettast eitt år.
Basert på søknad frå føresette og sakkyndig vurdering, gjer rektor enkeltvedtak om utsett skolestart. I vedtaket vil søknaden innvilgast eller bli avslått. Om du ønsker å klage på vedtaket, sender du klage til skolen. Du kan også ta direkte kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste.
Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål ved dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Føresette som ønsker eit anna opplæringsmål enn det som er vedtatt i skolekretsen, må melde frå om dette ved innskriving.
Når minst ti elevar på eit av årstrinna 1 - 7 i kommunen ønsker skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har desse elevane rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtar foreldra, med vanleg fleirtal, kva for skole som skal gi tilbodet.
Digitalt skjema for innskriving til skolen.